HaBonim i Israel
HaBonim | |||
kibbutz | |||
Moshav HaBonim, 1950
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Karmelberget | ||
Distrikt | Haifa distrikt | ||
Kommune | Hof HaCarmel | ||
Koordinatar | |||
Grunnlagd | 1949 | ||
- Grunnlagd av | HaBonim-rørsla | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
![]() HaBonim i Israel | |||
Wikimedia Commons: HaBonim | |||
HaBonim (hebraisk skrift הַבּוֹנִים, Byggjarar) er ein moshav shitufi nord i Israel. Han ligg 5 km sør for Atlit og 3 km nord for kibbutz Nahsholim og høyrer til Hof HaCarmel regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 259.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Moshaven vart grunnlagd i 1949 av HaBonim-rørsla på landområde som høyrte til den avfolka palestinske landsbyen Kafr Lam. Dei første innbyggjarane kom frå Storbritannia og Sør-Afrika. Han vart nasjonalt kjend 11. juni 1985 på grunn av HaBonim-katastrofen, då ein buss og eit tog kolliderte, og 22 menneske mista livet, 19 av dei skulebarn. Det vart reist eit minnesmerke ved skinneovergangen.[1]
Landemerke[endre | endre wikiteksten]
Aust i moshaven ligg ruinane av mellomalderborga Cafarlet, som stundom vert kalla HaBonimborga.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «HaBonim, Israel» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval El'azari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 140. ISBN 965-7184-34-7. (he)
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Cafarletborga Arkivert 2008-06-04 ved Wayback Machine. på Gemsinisrael.com