Hamningberg kapell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hamningberg kapell
kapell
Foto: Henny Stokseth
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Båtsfjord
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Varanger
Sokn Båtsfjord
Fellesråd Båtsfjord
Type Langkyrkje
Arkitekt Sverre Poulsen
Material Tre
Innvigd 1949
Takryttar Ja
Døypefont Frå 1939
Altartavle Frå 1937
Sitjeplassar 140
Kart
Hamningberg kapell
70°32′26″ N 30°36′53″ E
Wikimedia Commons: Hamningberg kapell

Hamningberg kapell er ei langkyrkje frå 1949 i det fråflytte fiskeværet Hamningberg i Båtsfjord kommune i Finnmark.

Byggverket er i tre og med 140 sitjeplassar. Kapellet er teikna av arkitekt Sverre Poulsen frå Oslo. Somme delar av inventaret er noko eldre enn kapellet, og var tidlegare i det førre kapellet på staden. Altertavla er frå 1937 og viser Jesus i Getsemane. Døypefonten er frå 1939 og er laga ved Vardø husflidsskole. Kapellet har ei kyrkjeklokke frå 1897.

Hamningberg kapell ligg i Båtsfjord sokn i Varanger prosti.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]