Hopp til innhald

Bugøynes kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bugøynes kapell)
Bugøynes kapell
kapell
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Sør-Varanger
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Varanger
Sokn Sør-Varanger
Fellesråd Sør-Varanger
Type Langkyrkje
Arkitekt Lien & Risan Arkitektkontor
Material Tre
Innvigd 1989
Kyrkjegard Det er gravplass ved kapellet
Døypefont I tre, frå 1906
Altartavle Trekross frå 1906
Kart
Bugøynes kyrkje
69°58′23″N 29°38′05″E / 69.97293°N 29.63478°E / 69.97293; 29.63478
Wikimedia Commons: Bugøynes kapell

Bugøynes kyrkje (tidl. Bugøynes kapell) er ei langkyrkje frå 1989. Ho står på Bugøynes i Sør-Varanger kommune i Finnmark fylke. Arkitektar var Lien & Risan Arkitektkontor.

Bugøynes kyrkje is located in Finnmark
Plasseringa til Bugøynes kyrkje

Kyrkja er bygd i tre og har sitjeplassar til 150 personar. Bugøynes-samfunnet hadde tidlegare hatt eit kombinert skulehus og kapell. Ein del av inventaret i kyrkja stod tidlegare i skulekapellet. Det gjeld mellom anna altertavla og døypefonten.

Bugøynes kyrkje høyrer til Sør-Varanger sokn i Varanger prosti.

  • Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Bugøynes kapell, Bugøynes». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 89. ISBN 82-75-27022-7.
  • Sør-Varanger kyrkjelyd: Kyrkjebygg

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]