Kirkenes kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 69°43′41″N 30°2′38″E

Kirkenes kyrkje
kyrkje
Kirkenes Kirche Winter.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Sør-Varanger
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Varanger
Sokn Sør-Varanger
Fellesråd Sør-Varanger
Arkitekt Sofus Hougen
Material Betong og tre
Innvigd 1959
Sitjeplassar 275

Kirkenes kyrkje
69°43′42″ N 30°2′39″ E
Wikimedia Commons: Kirkenes kirke

Kirkenes kyrkje er ei langkyrkje som står i Kirkenes i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Kyrkja er frå 1959 og er bygd i betong med sitjeplassar til 275 personar. Arkitekt for bygget var Sofus Hougen. Inventaret i kyrkja er frå byggeåret eller seinare. Altertavla er laga av Kristoffer Leirdal og viser barnet i krubba under stjerna og Kristus på krossen. Leirdal har òg laga døypefonten, medan preikestolen er laga av Sivert Donali.

Kirkenes kyrkje is located in Finnmark
Plasseringa til Kirkenes kyrkje
Gamlekyrkja fotografert i 1928. Bygget brann ned under andre verdskrigen.

Kirkenes kyrkje er soknekyrkje i Sør-Varanger sokn i Varanger prosti.

Den fyrste kyrkja på staden vart innvigd i 1862, og staden fekk namnet Kirkenes på grunn av kyrkja. Dette var ei åttekanta trekyrkje som var teikna av Christian Heinrich Grosch.[1] Gamlekyrkja stod til 1944 då ho, som nær alt anna i byen, vart øydelagd under den massive bombinga før frigjeringa. Kyrkja brann då heilt ned til grunnen. Etterpå vart kyrkjespiret attfunne i ruinane og teke vare på og det er no i den noverande kyrkja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]