Handball-NM 2006/Kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 2006 for kvinner vart vunne Larvik Håndballklubb etter finalesiger 29 – 20 over Byåsen Idrettslag frå Trondheim.

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

  • Byåsen IL – Levanger HK 35 – 27
  • Gjerpen IF – Larvik HK 18 – 27

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum laurdag 30. desember 2006 framfor 5 301 tilskodarar. Storfavoritten Larvik innfridde og leia 15 – 8 ved pause. Dermed vart andreomgangen rein plankekøyring til sigerssifra 29 – 20.

Linn-Kristin Riegelhuth vart suveren toppskårar i kampen med sine 11 mål for Larvik. Elles skåra Kari Mette Johansen og Tine Kristiansen kvar sine 4 mål, Tonje Larsen 3, Elisabeth Hilmo og Ida Bjørndalen, 2 mål, begge, medan Inger Sofie Heieraas, Karoline Breivang og Tine Stange skåra 1 mål kvar. Lene Rantala var målvakt.

Byåsen-måla kom frå Gøril Snorroeggen 5, Camilla Herrem 5, Trine Haltvik 3, Vigdis Hårsaker 2, Marit Malm Frafjord 2, Tonje Nøstvold 1, Marte Snorroeggen 1, Inga Berit Svestad 1. Ida Alstad var ei av dei som ikkje skåra. Målvakt: Kari Aalvik Grimsbø.

Dommarane straffa Larvik med to 2 minutts-utvisingar, Byåsen fekk ingen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]