Handball-NM 2020/21 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 2020/21 for kvinner vart vunnen av Idrettsklubben Våg som under klengenamnet Vipers vann finalen med 29 – 16 over Sola Håndballklubb. Finalen var utsett i over fire månader, mellom anna grunna i Covid-19-tiltak. Tilskodartalet vart også avgrensa av same grunn.

Kvartfinalane[endre | endre wikiteksten]

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

  • IK Våg – Fana IL 33 – 24
  • Fredrikstad BK – Sola HK 22 – 29

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avvikla i Stavanger idrettshall laurdag 15. mai 2021 framfor 100 tilskodarar. Dei to laga fylgde kvarandre til 4 – 4, derifrå drog storfavoritt Vipers frå til 8 – 4. Sidan reduserte Sola forspranget, så ved pause leia Vipers med 10 – 8. I den andre omgangen skrudde laget frå Kristiansand opp tempo og auka til 16-10 på mindre enn ti minutt. Ti minutt før slutt skilde det framleis seks mål mellom laga; 21 – 15. Deretter skåra Vipers åtte strake mål, før Sola sette inn sitt siste finalemål tre sekund før sluttsignalet lydde.

For Vipers skåra Henny Reistad 6, Nora Mørk 5, Vilde Jonassen 4, Sunniva Andersen 3, June Andenæs 3, Heidi Løke 2, Marta Tomac 2 mål. Jana Knedlíková, Tonje Refsnes, Ragnhild Valle Dahl og Karine Dahlum skåra kvar sitt mål, medan Emilie Hegh Arntzen og Malin Aune vart verande mållause. Katrine Lunde og Andrea Austmo Pedersen var målvakter.

Sola sine skåringar kom frå Kristiane Knutsen 6, Maja Magnussen 4, Hege Danielsen 2, Kristina Novak 2, Malin Holta 1, Frøydis Wiik 1. Camilla Herrem kom ikkje på skåringslista.

Dommarane Jo Are Johannessen og Tom Larsen straffa Sola med fire 2-minuttsutvisingar og raudt kort, Våg/Vipers vart idømt to 2-minuttarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]