Marta Tomac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marta Tomac
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. september 1990 (33 år)
Trondheim
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2020, Handball under Sommar-OL 2020 – Kvinner

Marta Tomac (fødd 20. september 1990) er ein norsk og kroatisk handballspelar frå Trondheim som spelar på IK Våg/Vipers. Våren 2021 var ho med då laget frå Kristiansand vann EHF-meisterligaen. Ho vart verdsmeister med Noreg i 2015 og europameister i 2016 og 2020. Tomac er rykkromspelar og utmerker seg som spelstyrar.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Tomac er både fødd og oppvaksen i Noreg, men deltok på kroatiske landslag i ungdomsåra og spelte 11 kampar på det kroatiske A-landslaget, mellom anna under kvalifiseringa til Handball-EM 2010.

Hausten 2015 fekk Tomac norsk statsborgarskap og allereie den 26. november 2015 debuterte ho på det norske landslaget under Møbelringen Cup 2015 mot Russland. Her overbeviste ho og vart teken ut til handball-VM 2015 i Danmark, der ho var med å vinne gull. Til Sommar-OL 2016 kom ho ikkje med, derimot deltok ho på det norske laget som vann EM 2016 i Sverige. Under europameisterskapen 2020 vart ho utteken til reserve, deltok i 1 gruppespelkamp og fekk dermed gullmedalje. Sommaren 2021 var ho med på det norske laget som under dei olympiske sommarleikane i Japan sikra seg bronsmedalje. Ved utgangangen av 2021 har ho delteke i 88 landskampar for Noreg og skåra 78 mål.

Merittar landslag[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]