Henny Reistad
Henny Reistad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. februar 1999 (25 år) Oslo |
Idrett | handball |
Tok del i | |
Utmerkingar |
Q125587818 |
Henny Ella Reistad (fødd 9. februar 1999) er ein norsk handballspelar frå Oslo som frå 2021 gjer teneste i danske Esbjerg. Ho vart europameister 2020 og 2022, verdsmeister 2021 med Noregs landslag. Våren 2021 vann ho EHF-meisterligaen med IK Våg. Reistad er rykkromspelar.
Klubbspel[endre | endre wikiteksten]
Reistad var aktiv på Stabæk IF sitt lag i eliteserien frå 2015 til -18. Perioden 2018-21 spelte ho på IK Våg, kjend som Vipers, Noregs suverene topplag i kvinnehandball. Med laget frå Kristiansand vart ho seriemeister 2019, 2020, 2021 og vinnar IHF-meisterligaen i 2021.
Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]
Reistad fekk sin landslagdebut 22. november 2018 og deltok i EM 2018 i Frankrike, der Noreg enda på femteplass. Grunna skade var ho ikkje aktuell til VM 2019. Under europameisterskapen 2020 i Danmark markerte ho seg som ein av dei viktigaste spelarane i det norske mannskapet. I EM-finalen mot Frankrike skåra ho 2 av dei norske måla i ein kamp som enda med norsk siger 22-20. Året etter vart ho med 6 mål toppskårar i VM-finalen då Noreg atter vann ein internasjonal meisterskapsfinale.
Merittar landslag[endre | endre wikiteksten]
- EM 2018: Nr 5 etter 38–29 mot Sverige
- EM 2020: Gullmedalje etter 22–20 mot Frankrike
- OL i 2021: Bronsemedalje etter 36–19 mot Sverige
- VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike
- EM 2022: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark
- VM 2023: Sølvmedalje etter 28–31 mot Frankrike
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Henny Reistad» frå Wikipedia på bokmål, den 19. desember 2020.
- handball.no
- Einskildkvinner
- Fødde i 1999
- Norske handballspelarar
- Europameistrar i handball
- Spelarar i Handball-EM 2018 for kvinner
- Spelarar i Handball-EM 2020 for kvinner
- Olympiske medaljevinnarar i handball
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2020
- Norske deltakarar under sommar-OL 2020
- Handballspelarar under sommar-OL 2020
- Folk frå Oslo