Hauge i Lærdal
Utsjånad
61°6′N 7°29′E / 61.100°N 7.483°E
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c5/Hauge_kirke.jpg/220px-Hauge_kirke.jpg)
Foto: kirkenorge.no
Hauge er eit kyrkjesokn i Sogn prosti. Området ligg i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane og femner dei ytste delane av tidlegare Lærdal prestegjeld, med Lærdalsøyri. Kyrkja i soknet står på Lærdalsøyri og heiter Hauge kyrkje. Før dagens kyrkje vart bygd i 1869 stod soknekyrkja på garden Hauge lenger søraust, og det er derfrå namnet på kyrkja og soknet kjem.[1]