Arnafjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°1′N 6°22′E

For fjorden med liknande namn, sjå Arnafjorden

Arnafjord er eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Soknet femner det vestre området i Vik kommune i Sogn og Fjordane. Det er ei kyrkje i soknet, ho heiter Arnafjord kyrkje og ligg i grenda Nese på vestsida av Arnafjorden.[1] Den noverande kyrkja vart sett opp i 1880 og erstatta ei kyrkje frå 1645 som var vorten for lita. Før det var kyrkjestaden for området på Flete ved Framfjorden, der stod det ei stavkyrkje frå 1300-talet til 1645. [2]

Arnafjord er òg namnet på ein grunnkrins i Vik kommune. Grunkrinsen femner landet på vestsida av Arnafjorden og grensar til Finden grunnkrins i vest, Framfjord grunnkrins i aust og Hordaland fylke i sør. [3] Ved folketeljinga i 2001 budde det 84 personar i Arnafjord grunnkrins. [4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]