Hopp til innhald

Haugesund Dampskibsselskab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
DS «Fjalir» i Aurlandsfjorden i 1930
Foto: Anders Beer Wilse
DS Karmsund i 1913
Foto: Anders Beer Wilse

Haugesund Dampskibsselskab (HDS) var eit reiarlag som vart stifta 18. september 1877 i Haugesund i Rogaland fylke. Selskapet dreiv med lokalrutefart i området mellom Bergen og Stavanger og vart særleg velkjent i ytre lei av ruta Haugesund-Bergen. Konsesjonen på ruta på Bergen vart overført til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap 1. mai 1980, medan den gjenverande hurtigbåtruta til selskapet Haugesund-Stavanger vart overteke av Det Stavangerske Dampskibsselskab i august 1984 og samstundes kjøpte den siste båten til HDS, westamaranen «Haugesund» og reiarlaget vart avvikla.

Flåteliste

[endre | endre wikiteksten]
Namn Tidsrom Type Tonnasje Anna
DS «Karmsund» (1) / «Karmøy» (1) 1877-1904-1914 Lokalrutebåt 96 brt
DS «Karmsund» (2) 1904-1953 Lokalruteskip 159 brt
DS «Haugesund» (1) 1906-1915 Lokalrutebåt 127 brt
DS «Brandasund» 1944-1948 Lokalruteskip 244 brt
MS «Landanes» 1947-1968 Lokalrutebåt 199 brt Formelt eigd av Knut Knutsen O.A.S.
MS «Stolmen» 1953-1973 Lokalrutebåt 361 brt Formelt eigd av Knut Knutsen O.A.S.
MS «Tonjer» 1953-1970 Lokalrutebåt 332 brt
MF «Tre Måker» 1964-1973 Bilferge 446 brt Formelt eid av AS Jøsenfjord Rutelag 1964-1968
MS «Karmsund» (3) 1972-1980 Hurtigbåt 194 brt
MS «Haugesund» (2) 1973-1980 Hurtigbåt 206 brt Båt og rute selt til HSD i 1980
MS «Storesund» 1974-1980 Hurtigbåt 203 brt
MS «Haugesund» (3) 1981-1984 Hurtigbåt 226 brt Båt og rute selt til DSD i 1984