Bahrainsk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bahrainsk geografi
Kart over Bahrain
Kart over Bahrain
Topografi
Topografi
Plassering
Land Bahrain
Koordinatar 26°00′N 50°33′EKoordinatar: 26°00′N 50°33′E
Totale landegrenser 0 km km
Geografi
Areal
- totalt:
- land:
- vatn:

780 km²
780 km²
0 km²
Kystlinje 161 km
Høgder
- høgaste punkt:
- lågaste punkt:

Jabal ad Dukhan 103 moh
Persiabukta 0 moh


Arealbruk
Dyrkbar mark 2,11 %
Permanente avlingar 3,95 %
Permanente beitemarker 0 %
Skogområde 0 %
Anna 93,95 % (2012)
Irrigert land 40,15 km² (2003)
Naturressursar
olje, naturgass, fisk, perler
Naturfarar
periodisk tørke, sandstormar
Miljøproblem
ørkenspreiing på grunn av forvitring av avgrensa dyrkbar jord, periodevis tørke og støvstormar, kystforvitring (kystlinje, korallrev og sjøvegetasjon) på grunn av oljeutslepp og andre utslepp frå store tankskip, oljeraffineri og fordelingsstasjonar. Mangel på ferskvatn og auka avhengigheit av avsaltingsanlegg

Bahrain består av ei øygruppe på 37 øyar i Persiabukta, nær kysten av Den arabiske halvøya. Hovustaden i Bahrain er Manama. Øyane ligg kring 24 kilometer frå austkysten av Saudi-Arabia og 28 kilometer frå Qatar. Det samla arealet av øyane er kring 780 kvadratkilometer. De største øya, som utgjer 83 % av landet, er øya Bahrain (òg kalla Al Bahrayn), som har eit areal på 590 kvadratkilometer. Frå nord til sør er Bahrain 48 kilometer lang, og vidast i nord, der ho er 16 km frå aust til vest.

Geografisk plassering og øyar[endre | endre wikiteksten]

Bahrain består i dag av 33 naturlege øyar (etter at Janan vart gjeven til Qatar i mars 2001). Kring det meste av Bahrain er ei relativ grunn bukt i Persiabukta, kalla Bahrainbukta. Sjøbotnen nær Bahrain er steinete, hovudsakleg utafor nordsida av øya, og dekt av omfattande korallrev. Det meste av øya er lågtliggande og består av ørken. Frambrot av kalkstein dannar låge åsar, kort klipper og grunne raviner. Kalkstein er dekt av salthaldig sand, som berre den mest hardføre vegetasjonen kan gro her - hovudsakleg tornete tre og kratt. Langs nordkysten er det ei frodig, fem kilometer brei stripe med daddelpalmar, mandel, fiken og granateple veks. I det indre er det ein skrent som stig til 134 meter over havet på det høgaste. Det høgaste punktet vert kalla Jabal ad Dukhan (Røykfjellet), og har fått dette namnet fordi det ofte er ein dis kring toppen. Dei fleste oljebrunnane i landet er i nærleiken av Jabal ad Dukhan.

Andre øyar[endre | endre wikiteksten]

Nokre av dei andre øyane er Nabih Saleh, som ligg nordvest for Sitrah, Jiddaøya og Umm as Sabaan, nord for Umm an Nasan; og Hawarøyane, der den største er Hawar, nær kysten av Qatar. Nabih Saleh har fleire ferskvasskjelder som vert nytta til å vatne store område med daddelpalmelundar. Klippeøya Jiddah husa tidlegare det statlege fengselet, men har i dag blitt omgjort til ei ferieøy. Hawar og dei femten småøyane i nærleiken var tidlegare omstridde, sidan både Bahrain og Qatar gjorde krav på dei. Hawar er nitten kilometer lang og kring 1-1,5 km brei. Dei andre øyane er ikkje busette og ligg nær hekkestader for forskjellige trekkfuglar.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Bahrain har eit tørt klima. Bahrain har to årstider: ein ekstrem varm sommar og ein relativ mild vinter. I sommarmånadane, frå april til oktober, er gjennomsnittstemepraturen kring 40 °C og kan nå 48 ºC i juni og juli. Kombinasjonen av intens varme og høg luftfukt gjer denne tida på året ubehageleg. I tillegg bles ein varm, tørr sørvestleg vind, lokalt kalla qaws, i periodar sand over den nakne, sørlege enden av Bahrain og mot Manama om sommaren. Temperaturen er meir moderat om vinteren, frå november til mars, då temperaturen varierer mellom 10 og 20  °C. Luftfukta kan ofte overstige 90 % om vinteren. Frå desember til mars er den rådande vinden frå søraust, kalla shamal, og denne føre fuktig luft inn over øyane. Til alle tider av året er temperaturane relativt jamn over heile øygruppa.

Bahrain får særs lite nedbør. Årsmiddelnedbøren er 72 mm, og det meste av dette kjem om vinteren. Det finst ingen permamente elvar på øyane. Vinterregnet kjem som regel i korte, kraftige regnbyer, som skapar kortvarige elvar i dei grunne wadiane, som elles på året er tørrlagde. Lite av regnvatnet vert bevart for kunstig vatning eller drikkevatn. Det finst fleire naturlege kjelder nord på Bahrain og dei nærliggande øyane. Ferskvatn frå undergrunnen strekkjer seg òg under Persiabukta til den saudiarabiske kysten. Sidan oldtida har desse kjeldene trekt til seg innbyggjarar til øyane. Trass i aukande forsalting, er kjeldene viktige drikkevasskjelder for Bahrain. Sidan tidleg i 1980-åra har avsaltingsanlegg, som gjer at ein kan bruke sjøvatn både heime og i industrien, stått for kring 60 % av det daglege vassforbruket.

Klimadata for Bahrain internasjonale lufthamn
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 29.0 34.7 38.0 41.0 46.7 45.7 45.6 44.0 42.8 41.4 35.0 29.2 46,7
Normal maks. temp. °C 20.0 21.2 24.7 29.2 34.1 36.4 37.9 38.0 36.5 33.1 27.8 22.3 30,1
Døgnmiddeltemp. °C 17.2 18.0 21.2 25.3 30.0 32.6 34.1 34.2 32.5 29.3 24.5 19.3 26 52
Normal min. temp. °C 14.1 14.9 17.8 21.5 26.0 28.8 30.4 30.5 28.6 25.5 21.2 16.2 23,0
Kulderekord °C 2.7 7.9 10.9 10.8 18.7 22.7 25.3 26.0 24.4 18.8 13.5 6.4 2,7
Nedbør (mm) 14.6 16.0 13.9 10.0 1.1 0 0 0 0 0.5 3.8 10.9 70,8

Normale månadlege solskinstimar 226.3 221.2 238.7 255.0 306.9 339.0 331.7 331.7 312.0 303.8 261.0 226.3 3 353,6
Kjelde: NOAA (1961-1990) [1]

Miljøvern[endre | endre wikiteksten]

Bahrain er delaktig i følgjande internasjonale miljøvernsavtalar: biologisk mangfald, klimaendringar, Kyotoavtalen, ørkenspreiing, farleg avfall, havrett, vern av ozonlaget, våtmarksområde

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]