Nabih Saleh
Utsjånad
| Nabih Saleh | |||
| النبيه صالح | |||
| øy | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| guvernement | Nordguvernementet | ||
| Koordinatar | 26°11′0″N 50°35′15″E / 26.18333°N 50.58750°E | ||
| Areal | 1,3 km² | ||
| Folketal | 3 200 (2019) | ||
![]() Nabih Saleh 26°11′00″N 50°35′00″E / 26.183333333333°N 50.583333333333°E | |||
| Nettstad: alnabih.org | |||
Nabih Saleh (arabisk النبيه صالح) er ei øy i Bahrain i Persiabukta. Ho ligg i Tublibukta, aust for Bahrainøya. Ho har vegsamband både til Bahrainøya og Sitra via Sitra-vegfyllinga.
Øya var opphavleg, som Sitra, dekt av gardar og daddelpalmelundar, men er no kraftig avskoga.[1] Dei fleste innbyggjarane er sjiamuslimar.
Øya er kalla opp etter den lærde sjiamuslimen sjeik Saleh som budde her på 1300-talet.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Paradise lost in Nabih Saleh». Gulf Daily News. 21. mars 2009.[daud lenkje]
- Denne artikkelen bygger på «Nabih Saleh» frå Wikipedia på engelsk, den 10. april 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om Nabih Saleh Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine. (ar)


