Heart of the Sunrise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Heart of the Sunrise
Song av Yes
frå albumet Fragile
Utgjeve 1972
Sjanger Progressiv rock, hardrock
Lengd 11:27
Selskap Atlantic Records
Låtskrivar(ar) Jon Anderson, Chris Squire, Bill Bruford, Rick Wakeman
Produsent Yes og Eddie Offord

«Heart of the Sunrise» er ein song frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve på albumet Fragile i 1971. Songen er skriven av Jon Anderson, Bill Bruford og Chris Squire. Rick Wakeman var òg med under komponeringa, men måtte av kontraktsmessige årsaker avstå frå kreditering. Dette er den lengste songen til albumet, med sine 10 minutt og 35 sekund.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Songen startar med eit tema i form av eit bass-riff i 3/4-dels takt. Resten av instrumenta kjem gradvis med på temaet, som etter sekvensen går over til ei slags funk-stil i 4/4-dels takt. Dette «funk»-temaet brytast så av med ein trippel repetisjon av opningstemaet.

Ein mjuk melodi på gitar spelast og blir modulert før første vokale vers. Denne seksjonen startar i 6/8-dels takt, men går snart over i eit nytt tema som blir spelt i 5/8-dels takt. Mot slutten av songen kjem eit collage av dei ulike temaa til songen som byggjer opp mot eit crescendo før songen endar brått.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Under konsertar blir songen framført stort sett som innspelinga, men med ei lita endring i «funk»-temaet som etterkvart har fått eit reggae-preg. Songen er bandet sitt fjerde mest spelt under konsertar,[1] og finst på fleire av konsertalbuma til bandet.

Offisielle utgjevingar med konsertopptak av «Heart of the Sunrise»:

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Forgotten Yesterdays