Fjellbirkeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjellbirkeland
stad
Fjellbirkeland
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5226 NESTTUN
Gardnummer 56
Wikimedia Commons: Fjellbirkeland

Fjellbirkeland er ein gard i Fana i Bergen. Garden ligg på høgdedraget søraust for Myrdalsvatnet.

Garden var opphavleg ein del av storgarden Birkeland før han vart skilt ut som eigen gard. Han fekk dette namnet for å skilje han frå Kirkebirkeland som ligg lenger vest. Garden høyrte til Lyse kloster fram til brukarane vart sjølveigarar i 1873-1875. Her er framleis gardsdrift.

Forskingsadministratoren Erling Fjellbirkeland (1911-1986), som mellom anna medverka sterkt til opprettinga av Studentsamskipnaden i Oslo, Statens Lånekasse og Universitetsforlaget, var fødd og oppvaksen på garden. Fjellbirkeland studentby på Kringsjå i Oslo har namn etter han.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Fjellbirkeland ligg på høgda søraust for Myrdalsvatnet langs vegen som går innover mot Totland. I søraust ligg Stignavatnet.

Garden grensar til Myrdal i nordvest, Ljosvold i sørvest, Øvre Sandven og Stigen i sør, Hedno i søraust og Nedre Totland i nordaust.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]