Hei so dansa jento mi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hei so dansa jento mi er ein springar med røter på Vestlandet. Slåtten er mest spela i Hordaland og var mykje nytta av Sjur Helgeland. Slåtten finst og i Sogn og i Valdres, der han til vanleg heiter Midt i myljo jul og Kyndismess. I Valdres har slåtten vore kjend i både Øystre og Vestre Slidre. Namna som er sett på springaren er knytt til slåttesteva. På Voss går stevet slik: Hei so dansa jento mi, sylvspende skor på føto di...

Slåtten er venteleg komen til Valdres frå Sogn.

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

I Hardingfeleverket har slåtten seks variantar under katalognummer 491. To av formene er frå Valdres, ein frå Sogn og dei tre siste frå Hordaland. Det finst og ein variant frå Valdres etter spelemannen Andreas Hauge, Hei for ei kjerring, ikkje teken med i lista. To av hordalandsformene skriv seg opphavleg frå Sjur Helgeland.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]