Hemaris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hemaris
Hemaris aethra
Hemaris aethra
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Sommarfuglar Lepidoptera
Familie: Tussmørkesvermarar Sphingidae
Stamme: Dilophonotini
Slekt: Hemaris
Dalman, 1816

Hemaris er ei slekt av tussmørkesvermarar.

Gruppa består av 17 artar, med to som er observerte i Noreg: Smalkanta humlesvermar (Hemaris tityus) og breikanta humlesvermar (Hemaris fuciformis). Begge desse finst spreidd i Sør-Noreg, men er ikkje talrike.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Hemaris ved ein blome.

Desse svermarane er tettbygde og middelsstore, men små til å vera svermarar (vengespenn 30-50 millimeter). Dei har ein lang sugesnabel og ganske lange og tynne frambein som dei bruker til å halda seg fast i blomane som dei heng framfor på svirrande venger. Kroppen er kort og spoleforma, med eit høvesvis lite hovud og nokså lange, mørkfarga, lett kølleforma antenner. Hovudet og kroppen er mest kledd med gulaktige hår, bakkroppen har gjerne eit svart eller mørkeraudt tverrband, medan halen ofte er kvithåra. Vengemembranen er tynt skjelkledd når dyra blir klekka, men desse skjela blir slitne fort av slik at sommarfuglane får glasklare, skjellause venger, bortsett frå ytterkantane, som oftast er raudlege. Svermarane har ein overflatisk likskap med humler, men åtferda er ganske ulik. Egga deira er små, kuleforma og bleikt skinnande grøne på farge. Larvane er små og sylindriske med ei ru overflate, ofte med korte hår. Sjølv om dei fleste larvane er grøne og brune, finst det mange andre fargeformer. Alle har ei karakteristisk bleik stripe frå hovudet til følehorna. Larvepuppen er omslutta av ein laus spunnen kokong som er skinnande hjå dei fleste artar.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Hemaris diffinis med snabel ved ein blome.

Av dei norske artane utviklar larven til smalkanta humlesvermar seg på artar i kardeborrefamilien, særleg blåknapp (Succisa pratensis), medan larven til breikanta humlesvermar lever på vivendel (Lonicera periclymemum). Elles lever mange av artane på plantar i kaprifolfamilien.

Dei ferdigutvikla individa er dagaktive tussmørkesvermarar som liknar humler i utsjånad, og blir derfor også kalla humlesvermarar. Dei liknar òg kolibriar sidan dei skaffar seg nektar på same måten som fuglane. I motsetning til til dømes dagsvermar (Macroglossum stellatarum) bruker humlesvermarane framføtene til å «forankra» seg i blomen når dei syg nektar.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Slekta har holarktisk utbreiing. I dei varmare delane av den gamle verda blir ho erstatta av den nærtståande slekta Cephonodes, dei to slektene møter kvarandre berre i Japan.

Systematisk inndeling[endre | endre wikiteksten]

Treliste

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]