Vivendel
| Vivendel | |
Vivendel | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
| Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Dipsacales |
| Familie: | Kaprifolfamilien Caprifoliaceae |
| Slekt: | Leddvedslekta Lonicera |
| Art: | Vivendel L. periclymenum |
| Vitskapleg namn | |
| Lonicera periclymenum | |
Vivendel (Lonicera periclymenum) er ein lian i leddvedslekta i kaprifolfamilien som klengjer seg på andre tre og buskar. Han veks vilt i Europa pg blir også brukt som hageplante.

Utsjånad
[endre | endre wikiteksten]Vivendel har klengjestengel, og tvinnar seg rundt andre tre og greiner. Stengelen kan bli mange meter lang. Vivendel har einskilde mjuke hår på blada, og store lysgule blomsterhovud i greintoppane. Blomstrane kan vere raudfarga på utsida.
Blomsteren på vivendel ser ut som ein rett trompet. Det er berre insekt med lang sugesnabel som rekkjer ned til nektaren inst i blomsterrøyret.
Etter blomstring får vivendelen raude bær.

Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Vivenvdel finst i Vest-Europa, på øyar i Middelhavet, i Marokko og i Vesleasia. I Noreg veks vivendelen kring Oslofjorden og i kyst- og fjordstrok nord til Velfjord. I Sokndal veks han opp til 450 moh. Vivendelen veks òg i kyststrok i Sør-Sverige.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Vivendel er fylkesblomster i Aust-Agder.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Johannes Lid Norsk og svensk flora Det Norske Samlaget 1974 ISBN 82-521-0297-2
- C.A.M. Lideman Nordens Flora Gyldendal Norsk Forlag 1977 ISBN 82-05-08681-8
- Botanisk museum Arkivert 2008-05-27 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Vivendel hos Artsdatabanken
- (en) Vivendel i Catalogue of Life
- (en) Vivendel i Encyclopedia of Life
- (en) Vivendel i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Vivendel hos Dyntaxa
- (en) Vivendel hos ITIS
- (en) Vivendel hos NCBI
- (en) Vivendel hos Plants of the World Online
- (en) Vivendel hos The International Plant Names Index
- (en) Vivendel hos Tropicos
- (en) Kategori:Lonicera periclymenum – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons