Hermann Göring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hermann Göring
Hermann Göring - Röhr.jpg
Fødd12. januar 1893
Rosenheim
Død15. oktober 1946 (53 år)
Statsborgar avDet tredje riket, Det tyske keisardømet
PartiNSDAP, NSDAP
Yrkepolitikar, flygar, kunstsamlar, krigsforbryter
InstitusjonarGestapo
Utdanna vedLudwig-Maximilians-Universität München
Preußische Hauptkadettenanstalt
Royal Prussian Cadet House Karlsruhe
MorFranziska Tiefenbrunn
FarErnst Heinrich Göring
EktefelleCarin Göring, Emmy Göring
BarnEdda Göring
MedlemSturmabteilung
Hermann Göring

Hermann Göring, (12. januar 189315. oktober 1946), fødd i Rosenheim i Tyskland. Tysk politikar, militær; riksdagsrepresentant for NSDAP 1928, ordførar i den tyske riksdagen 1932, feltmarskalk 1938, riksmarskalk 1940. Sjef for det tyske luftforsvaret, Luftwaffe.

Göring var eit flygaress i den fyrste verdskrigen. Han vart tidleg på 1920-talet medlem av NSDAP. Han vart tvinga til å reisa utomlands etter kuppforsøket i 1923, og reiste til Danmark og Sverige. Han tok ymse oppdrag som flygar. I Sverige fekk han kjærleik til den svenske adelsdama Karin von Kantzow (f. Fock, 1888-1931). Dei gifta seg i 1922. Göring gifta seg om att i 1935 med skodespelarinna Emmy Sonnemann (1893-1973). Saman fekk dei dottera Edda (f. 1938). Göring var ei tid i Sverige innlagd på sinnssjukehus på grunn av morfinmisbruk. Grunnen til misbruket skal ha vore skotskader i etter Münchenkuppet i 1923.

Etter Hitler si maktovertaking i Tyskland i 1933 vart Göring utnemnd til luftfartsminister. I tillegg fekk han tittel av riksskogmeister og riksjegermeister. Andre titlar var riksmarskalk, ministerpresident og innanriksminister i Preussen. Göring likte å smykka seg med flotte titlar og uniformer. Han var rekna som særs ærekjær. Mange rekna Göring som nummer to i Tyskland etter Hitler, og Hitler utnemnde han til sin etterfylgjar.

Etter som krigslukka i den andre verdskrigen vende fall Göring meir og meir i unåde. Mellom anna la han til grunn katastrofale strategiar i luftslaget om Storbritannia i 1940.

Hitler tok mot slutten av krigen frå Göring alle titlar. Til slutt vart han arrestert på grunn av at han prøvde å utnemna seg til førar i staden for Hitler.

Göring lét uppføra eit slott rett utanfor Berlin som vart kalla Karinhall. På slottet samla han skattar frå musé i Europa etter som tyske styrkar vann fram. Mot slutten av den andre verdskrigen i 1945 sprengde Göring Karinhall for å ikkje lata skattane falla i hendene på Sovjetiske styrkar.

Göring vart tiltala i 1945 i Nürnbergprosessen og vart i 1946 dømd til døden ved henging. Han lurde bøddelen gjennom å svelja ein cyankaliumampull drygt to timar før avrettninga skulle gå føre seg natt til 16. oktober 1946.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]