Hildegunn Fossen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hildegunn Fossen
Fødd 16. april 1969
Sigdal
Yrke skiskyttar

Hildegunn Fossen Mikkelsplass (fødd 16. april 1969) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Sigdal. I tida 1991-98 var ho med å vinne to sølvmedaljar og like mange bronsemedaljar i lagtevlingar og 4 x 7,5 km stafett i ulike VM i skiskyting. Ho er gift med langrennaren Eilif K. Mikkelsplass, bror til Pål Gunnar Mikkelsplass.

Saman med Synnøve Thoresen, Signe Trosten og Unni Kristiansen tok Fossen VM-bronsen i 15 km lagtevling under VM i skiskyting 1991 i Lahti. Tre år seinare tok ho og lagkameratane eit steg over til sølvplass på pallen, då same øvinga vart avvikla med ein separat verdsmeisterskap i Canmore i mars 1994.

Den 10. desember 1994 vann Fossen i Bad Gastein sin einaste siger i verdscupen i skiskyting, ei sprinttevling. Under VM i skiskyting 1995 gjekk ho den andre etappen for det norske laget som hamna på bronseplass i 4 x 7,5 km stafett, dei hine kvinnene var Ann Elen Skjelbreid, Annette Sikveland og Gunn Margit Andreassen. Året etter vart ho nummer seks i 5 km sprint under verdsmeisteskapen i Ruhpolding, hennar beste individuelle prestasjon i eit VM eller OL. På tampen av 1998-sesongen sikra ho seg si fjerde VM-medalje då den norske kvartetten kom på tredjeplass i lagtevlinga under VM i Hochfilzen. Ho la deretter opp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.