Pål Gunnar Mikkelsplass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pål Gunnar Mikkelsplass

Pål Gunnar Mikkelsplass, (fødd 29. april 1961) er ein tidlegare norsk langrennar frå Bromma i Hallingdal. Han var med å vinne gull i to VM-stafettar (1982 og 1985) for Noreg, og ei VM-bronse (1987). Individuelt vann han sølvmedalje på 15 km, både i olympiameisterskapen i Calgary i 1988 og i verdsmeisterskapen i Lahti i 1989 i klassisk stil (det var under den meisterskapen det vart avvikla to meisterskapsrenn på 15 km). Han vann tre renn i verdscupen, beste samanlagtplasseringa i verdscupen var ein tredjeplass i 1988. I 1994 gifta han seg med langrennaren Marit Wold. Den eldre broren Eilif K. Mikkelsplass var og ein habil langrennar. Begge brørne representerte Bromma IL.

Han var landslagstrenar i langrenn for Noreg frå 1999 til 2002.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1981: Vinnar av 15 km i Holmenkollen.
  • 1982: Vinnar av 15 km i Reit im Winkl, nr 10 på 15 km i VM i Oslo.
  • 1983: Nr 2 på 15 km i Lahti.
  • 1984: Nr 10 på 15 km i Holmenkollen.
  • 1985: Nr 2 på 15 km i Davos og nr 3 på same distansen i Holmenkollen.
  • 1985/6: Nr 2 på 15 km i Labrador City.
  • 1987: Nr 4 på 15 km i VM i Oberstdorf. Nr 3 på 15 km i Kavgolovo.
  • 1988: Sølvmedalje på 15 km og nr 6 på 30 km i OL i Calgary. Vinnar av 50 km i Rovaniemi.
  • 1989: Sølvmedalje på 15 km i VM i Lahti. Dessutan tre andreplassar i verdscupen.
  • 1991: Nr 12 på 10 km i VM i Val di Fiemme.
  • 1992: Nr 3 på 15 km i Lahti.

Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1980: Nr 5 på 15 km, Asker.
  • 1981: Nr 5 på 15 km, Eidsvoll.
  • 1982: Sølvmedalje på 30 km, Raufoss.
  • 1983: Nr 4 på 15 km på Lillehammer.
  • 1984: Sølvmedalje både på 15 km (slått med 0,4 sekund av Tor Håkon Holte) og på 30 km, Hof.
  • 1985: Nr 12 på 30 km i Tromsø.
  • 1986: Gullmedalje både på 15 km og 50 km, Vang.
  • 1987: Sølvmedalje på 15 km i Steinkjer.
  • 1988: Gullmedalje på 15 km i Vang.
  • 1989: Gullmedalje på 15 km på Geilo.
  • 1991: Nr 4 på 15 km, Misvær.
  • 1992: Nr 8 på 30 km i Lillehammer.
  • 1995: Nr 9 på 15 km i Oslo.
  • 1996: Nr 6 på 50 km i Stryn.

Mikkelsplass var norsk landslagstrenar for menn i langrenn frå 1999 til 2002.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar