Hopp til innhald

Hina Rabbani Khar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hina Rabbani Khar

Føddحنا ربانی کھر
19. november 1977 (46 år)
Multan
Statsborgar avPakistan
Yrkediplomat, politikar, gründer, samfunnsøkonom
Utdanna vedLahore University of Management Sciences
University of Massachusetts Amherst
FarGhulam Noor Rabbani Khar
EktefelleFiroze Gulzar
Alle verv
  • medlem av Pakistans nasjonalforsamling (2002–2013)
  • Pakistans utenriksminister (2011–2013)
  • Medlem av Pakistans 15. nasjonalforsamling (2018–)
  • Minister of State for Foreign Affairs (2022–2023)
  • Minister of State for Foreign Affairs (2011–2011) Sjå dette på Wikidata

Hina Rabbani Khar (fødd 19. november 1977)[1] er ein pakistansk politikar, og var den fyrste kvinnelege utanriksministeren i Pakistan. Ho var også den yngste utanriksministeren i Pakistan nokonsinne i ein alder av 33 år.[2]

Khar kjem frå ein innverknadssrik, føydal familie i Multan. Ho studerte ved Lahore University of Management Sciences og University of Massachusetts Amherst før ho vart vald inn i nasjonalforsamlinga i 2002 som representant for partiet Pakistan Muslim League-Q (PML-Q) og vart juniorminister med ansvar for den økonomiske politikken i regjeringa til statsminister Shaukat Aziz. I 2009 vart Khar attvald til parlamentet, då som medlem av Pakistans folkeparti (PPP). Ho vart minister for statlege finansar og økonomiske saker, og den fyrste kvinnelege politikaren som la fram nasjonalbudsjettet.[3] I juli 2011 vart Khar utnemnd som utanriksminister av statsminister Yousaf Raza Gillani. Kort tid før 2013-valet trekte ho seg frå politikken,[4] men ho fortsette å jobbe for sterkare band til India.[5]

Khar er framleis medlem av PPP, og held føredrag om utanrikspolitikk.[6] I 2019 vart ho medlem av nasjonalforsamlinga igjen, denne gongen gjennom eit reservert sete for kvinner.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Hina Rabbani Khar vart fødd i Multan i Panjab i Pakistan.[7][8] Ho er dotter av den mektige oligarken og politikaren Ghulam Noor Rabbani Khar,[9] ein framståande nasjonal politikar.[9] Ho er niese av Ghulam Mustafa Khar, ein tidlegare guvernør og provinsregjeringssjef i Panjab.[10]

Khar er gift med Feroze Gulzar.[1] Ho er medeigar i «Polo Lounge»-resturantane. Den fyrste av desse opna i 2002 i Lahore og ein annan restaurant har sidan vorte opna i Islamabad.[10][11]

Khar studerte ved Lahore University of Management Sciences (LUMS) og tok i 1999 ein bachelor of science-grad (med laud) i samfunnsøkonomi.[1] Ho studerte deretter ved University of Massachusetts i Amherst, der ho i 2002 fullførte master of science-graden i Business Management.[1]

Khar har halde på banda til LUMS. I 2012 heldt ho eit føredrag ved LUMS om «Utanrikspolitikk og ungt demokrati»,[12][13] og ho sikra finansiering for Abdus Salam Institute for Physics.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Ved valet i 2002 vart Khar vald inn i nasjonalforsamlinga som representant for Muzaffargarh-II-valkrinsen i Panjab. Faren hennar hadde tidlegare vorte vald frå same valkrins, men han fekk ikkje stille i 2002,[3] på grunn av ei ny lov som kravde at alle kandidatar måtte ha ein universitetsgrad.[14][15][16] Ho fekk økonomisk støtte frå faren, som også organiserte valkampen. Ho representerte det nystifta partiet PML-Q og kjempa mot kandidaten frå Pakistan Muslim League (N).[3][17]

Khar fekk fleire framståande verv i løpet av regjeringstida til Shaukat Aziz. Ho var statssekretær for økonomiske saker og statistikk frå 2003 til 2004, og minister for økonomiske saker frå 2004 til 2007.[18][19] Etter jordskjelvet i Nord-Pakistan i 2005 samarbeidde ho med internasjonale hjelpefond og veldedige organisasjonar. Ho arbeidde også med forslag til den transafghanske røyrleidninga.[3][20]

I 2008 vart Khar attvald til parlamentet, denne gongen som representant for PPP, etter at PML-Q nekta ho å stille.[14] PPP danna regjering saman med Awami National Party, MQM og PML-Q.[21]

Khar vart utnemnd til minister for finans og økonomiske saker i regjeringa til Yousaf Raza Gillani.[1] I fråværet til den daverande finansministeren arbeidde ho med budsjettet og den økonomiske politikken, og 13. juni 2009 presenterte ho det føderale statsbudsjettet for 2010 i parlamentet. Ho vart med det den fyrste pakistanske kvinnelege politikaren som har presentert statsbudsjettet i nasjonalforsamlinga.[3]

Utanriksminister[endre | endre wikiteksten]

Khar med Hillary Clinton.

Khar vart fyrst konstitutert som utanriksminister 11. februar 2011, då Gillani gjorde endringar i regjeringa og ikkje lot den tidligere utanriksministeren Shah Mehmood Qureshi fortsette i stillinga.[22] Khar var konstituert utanriksminister i fem månadar før ho vart utnemnd formelt den 18. juli og vart då både den yngste, og den fyrste kvinnelege, utanriksministeren i Pakistan.[23][24] President Asif Ali Zardari, som vart president etter Pervez Musharraf i 2008, sa at utnemninga var «ein demonstrasjon av forpliktinga til regjeringa til å bringe kvinner inn i hovudstrøymen av livet til nasjonen».[25] Khar vart utnemnd til utanriksminister i ei vanskeleg tid: dei væpnende styrkane til Pakistan låg i krig med ekstremistgruppa Tehreek-e-Taliban Pakistan i det vestlege Pakistan og anti-amerikanske kjensler var utbreidd etter Raymond Davis-hendinga.[26][27]

Hina Rabbani Khar på konferanse i 2013.

Khar vitja India i juli 2011 for å ha fredssamtaler med sin indiske kollega, S. M. Krishna. Dei diplomatiske sambindingane mellom dei to landa hadde opphøyrt etter terroråtaka i Mumbai 26. november 2008 og vart ikkje gjenoppretta før i februar 2011, fem månadar før vitjinga til Khar.[28] Før møtet med representantar frå den indiske regjeringa, møtte ho leiarar for Hurriyat Conference. Dette vart kritisert av Bharatiya Janata Party (BJP), det største politiske partiet i India.[29][30] BJP påstod at dette var eit brot på protokoll og kravde ei gransking av saka.[31] Seinare leia Khar eit mislykka forsøk på å gje India most favoured nation-status.[32] I august 2011 vitja ho Kina og hadde samtalar med Yang Jiechi, den kinesiske utanriksministeren.[33]

I august 2011 vart 24 pakistanske soldatar drepne i eit NATO-leia åtak. Regjeringa i Pakistan svara med å nekte NATO- og ISAF-styrkar å bruke pakistanske forsyningsliner.[34] Pakistan kravde ei orsaking, og den 6. juni 2012 uttala Khar at «høgare prinsipp bør prioriterast framfor politisk populære omsyn», og utfordra USA til å «leve opp til sine demokratiske ideal ved å respektere viljen til den valde lovgjevande forsamlinga i Pakistan».[35] USA stoppa økonomisk støtte til Pakistan 15. desember 2011. Khar åtvara mot konsekvensane av handlingene til amerikanarane, og påstod at desse ville resultere i eit nederlag i krigen mot terror fordi Pakistan ikkje kunne vinne utan amerikansk hjelp.[36]

Khar på Enhanced Strategic Dialogue Review i London.

Khar reiste 21. januar 2012 i all hemmelegheit til Moskva med agenda om å styrke dei bilaterale sambindingane mellom Pakistan og Russland, då Pakistan sitt forhold til USA var anstrengt.[37] På møtet inviterte ho dei russiske leiarane til Pakistan, og oppmoda om å oppretthalde eit bilateralt samarbeid og støtte til eit «afghanskleia og afghanskkontrollert» forsøk på å skape fred.[38] 12. august 2012 tala ho på den 16. toppmøtet til den alliansefrie rørsla i Teheran. Khar hevda at regional stabilitet var sett i fare på grunn av den aukande spenninga knytta til det kjernefysiske programmet til Iran. Ho sa vidare at ei «fredeleg løysing på dette problemet er fortsatt mogleg på grunnlag av gjensidig tillitskapande tiltak og tryggleiksforsikringar mot eksterne trugslar».[39]

Valperioden PPP var valt for var ferdig i mars 2013,[40][41] og med dette også grunnlaget for regjeringa Khar var ein del av.[42] I april 2013 annonserte ho at ho ikkje ville stille til 2013 slik at faren hennar, som tidlegare ikkje hadde vore rettkomen til å stille som kandidat, kunne stille. Føresetnaden om at parlamentariske kandidatar måtte ha ein universitetsgrad, som gjorde at ho stilla i staden for faren i 2002, var oppheva.[43][44] PPP kom på andreplass i valet og mista 74 representantar[45] og faren til Khar mislykkast i forsøket på å attvinne det tidlegare mandatet sitt.[46]

Betydning[endre | endre wikiteksten]

I løpet av dei to åra sine som utanriksminister i Pakistan fekk Khar betydeleg global merksemd på grunn av hennar status som den fyrste kvinnelege utanriksministeren i Pakistan.[10][47] Ho vart intervjua i fleire, store internasjonale medium.[48][49][50][51] Ho var medlem av sentralstyret i PPP frå 2008 til 2013 då ho trekte seg tilbake frå politikken.[4]

Khar har vore ein aktiv føredragshaldar. I eit intervju med Al-Jazeera i desember 2015 skulda ho den amerikanske regjeringa for å støtte militære regime i Pakistan.[52] Ho har skrive for Newsweek Pakistan[53] og vart intervjua av Mehdi Hasan hos Oxford Union i desember 2015.[54] I juni 2016 var ho med i Jirga with Saleem Safi, og uttala seg mot haldninga til Pakistan i Kashmirkonflikten.[5] I ei framsyning på Islamabad litteraturfestival fortsette ho å forfekte ei tilnærming mellom India og Pakistan.[55]

Tilbake til politikken 2018[endre | endre wikiteksten]

Khar vart i 2018 vald inn igjen i nasjonalforsamlinga gjennom eit sete reservert for kvinner. Ho vart nominert av PPP.[56]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Hina Rabbari Khar». Ministry of Foreign Affairs. Arkivert frå originalen 24. juli 2011. Henta 1. oktober 2015. 
  2. Dawn.com. «Hina Rabbani Khar». Henta 22. februar 2016. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 M Ilyas Khan. «Will Pakistan's first woman foreign minister make a difference?». Henta 15. september 2012. 
  4. 4,0 4,1 «Hina Rabbani Khar not to run for another stint in National Assembly - The Express Tribune». Henta 22. februar 2016. 
  5. 5,0 5,1 «'Pakistan's national identity is to hate others': Hina Rabbani Khar, please tell us something new - Firstpost». Henta 31. august 2016. 
  6. «Reaffirming loyalties: Hina Rabbani Khar is not joining PTI, says Ghulam Rabbani - The Express Tribune». Henta 22. februar 2016. 
  7. «Foreign Minister Hina Rabbani Khar». First Post (India). Arkivert frå originalen 19. oktober 2013. Henta 29. april 2013. «Hina Rabbani Khar was born on 19 November 1963 in Multan, Punjab» 
  8. «Electoral results by caste». Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 8. mars 2023. 
  9. 9,0 9,1 «Gone with the wind». The Economist. ISSN 0013-0613. Henta 31. august 2016. 
  10. 10,0 10,1 10,2 Das, Mala. «Who is Hina Rabbani Khar?». NDV. Henta 20. januar 2013. 
  11. Khan, Omer Farooq (21. februar 2013). «Hina Rabbani Khar's 'baby': Tony eatery with an eclectic menu». The Times of India. Arkivert frå originalen 24. februar 2013. Henta 15. mars 2013. 
  12. «Foreign Minister Hina Rabbani Khar Speaks at LUMS». LUMS Editorial Newspaper. Arkivert frå originalen 3. mai 2012. Henta 22. januar 2013. 
  13. Khar, Her Excellency, Hina. «Foreign Policy and Young Democracy» (PDF). LUMS, Paper. Arkivert frå originalen (PDF) 12. mai 2012. Henta 22. januar 2013. 
  14. 14,0 14,1 «District Profile: Southern Punjab- Muzaffargarh». Dawn. Arkivert frå originalen 27. september 2013. Henta 15. september 2012. 
  15. «Pakistani general election, 2002: constituency-wise detailed results» (PDF). Election Commission of Pakistan. Arkivert frå originalen (PDF) 3. mai 2012. Henta 15. september 2012. 
  16. Khan, Omer Farooq (25. juli 2011). «Hina Rabbani Khar a misfit, say most Pakistanis». The Times of India. Arkivert frå originalen 24. september 2012. Henta 15. september 2012. 
  17. Walsh, Declan (29. juli 2011). «Pakistan foreign minister bags attention on India trip». The Guardian. Henta 15. september 2012. 
  18. «CV» (PDF). Competitiveness Support Fund. Arkivert frå originalen (PDF) 31. mars 2012. Henta 6. mars 2013. 
  19. «Government to appoint Hina Rabbani Khar as Foreign Minister». 
  20. «KUNA :: India hosts regional Econ. Coop. Conference on Afghanistan 06/11/2006». Arkivert frå originalen 1. oktober 2016. Henta 27. september 2016. 
  21. Ghumman, Khawar (5. oktober 2012). «The hunt for electoral alliances». Dawn. Henta 15. september 2012. 
  22. Hassan, Ahmad (12. februar 2011). «Some heavyweights left out of 22-member new cabinet.». Dawn. Henta 15. september 2012. 
  23. Buncombe, Andrew (19. juli 2011). «Pakistan selects female envoy for India talks». The Independent. Henta 15. september 2012. 
  24. «Hina Rabbani Khar sworn in as foreign minister». Dawn. 19. juli 2011. Henta 15. september 2012. 
  25. Ghosh, Labonita (26. juli 2011). «Hina Rabbani Khar, Pakistan's foreign minister: Just a Greenhorn or Rising star?». The Economic Times. s. 2. Henta 15. september 2012. 
  26. Chaudhry, Asif (28. januar 2011). «US official guns down two motorcyclists in Lahore». Dawn. Henta 20. januar 2013. 
  27. Khan, Omer Farooq (18. juli 2011). «Hina Rabbani Khar is Pakistan's new foreign to minister». The Times of India. Arkivert frå originalen 21. juli 2011. Henta 20. januar 2013. 
  28. «India and Pakistan relations 'on right track'». BBC News. 27. juli 2011. Henta 15. september 2012. 
  29. «Pak foreign minister starts India visit by meeting Kashmiri separatists». The Times of India. 27. juli 2011. Arkivert frå originalen 15. september 2012. Henta 15. september 2012. 
  30. «BJP protests Khar-Hurriyat meet, slow pace of 26/11 trial». Hindustan Times. 28. juli 2011. Arkivert frå originalen 28. juli 2011. Henta 15. september 2012. 
  31. «BJP demands inquiry into Khar-Kashmiri separatists meeting». Daily News and Analysis. 27. juli 2011. Henta 15. september 2012. 
  32. Lamont, James; Bokhari, Farhan (17. oktober 2011). «Pakistan and India in historic trade push». Financial Times. ISSN 0307-1766. Henta 31. august 2016. 
  33. «Pakistan, China ties are unique: Hina Rabbani Khar». The Times of India. 24. august 2011. Henta 15. september 2012. [daud lenkje]
  34. Starr, Barbara (2. desember 2011). «U.S. talked with Pakistan before fatal airstrike, yet questions remain.». CNN International. Henta 15. september 2012. 
  35. «Khar renews call for apology over Salala attack». The News International. 6. juni 2012. Arkivert frå originalen 25. juni 2012. Henta 26. juni 2012. 
  36. Staff Reporter (15. desember 2011). «US will be responsible for defeat in war on terror: Hina Khar». The Nation. Arkivert frå originalen 19. januar 2013. Henta 15. september 2012. 
  37. Kamran, Yousaf (21. januar 2012). «Khar off to Russia with love». The Express Tribune. s. 1. Henta 9. september 2012. «In a development that signifies a paradigm shift in the country’s decades-old foreign policy, Pakistan is set to formally invite the Russian president to undertake a visit at a time when its relationship with the United States is faltering» 
  38. APP (9. februar 2012). «Working together: Pakistan, Russia vow to support Afghan peace initiative». The Express Tribune. Henta 15. september 2012. 
  39. APP (29. august 2012). «NAM summit: Khar fears Iran conflict may fuel instability». The Express Tribune. Henta 15. september 2012. 
  40. Artikkel 224 (Paragraf 1A–1B) i Kapittel 2, Del VIII av Grunnloven
  41. «Pakistan government completes full term». 
  42. Malik, Maqbool (3. april 2013). «Caretaker Khoso's cabinet sworn in». The Nation. 
  43. Iqbal, Nasir. «Supreme Court scraps graduation condition». Henta 31. august 2016. 
  44. «Nomination withdrawn: Hina Rabbani Khar steps down in favour of her father - The Express Tribune». Henta 31. august 2016. 
  45. «National Assembly of Pakistan». Henta 31. august 2016. 
  46. «Pakistan’s waning feudalism: Gone with the wind». Henta 24. september 2016. 
  47. «Indo-Pak talks: Hina Rabbani to lead delegation to India - The Express Tribune». Henta 22. februar 2016. 
  48. Charlie Rose (14. januar 2013), Hina Rabbani Khar (01/14/13) | Charlie Rose, henta 22. februar 2016 
  49. CBS News (23. september 2011), The CBS Evening News with Scott Pelley - Is Pakistan aiding terror attacks on the U.S.?, henta 22 February 2016 
  50. «Pakistan foreign minister on U.S. relations». Arkivert frå originalen 28. mars 2019. Henta 22. februar 2016. 
  51. NDTV (8. september 2012), No love lost for Hafiz Saeed: Hina Rabbani Khar to NDTV, henta 22. februar 2016 
  52. «US has immense fascination for military regimes in Pakistan: Hina Rabbani Khar - The Economic Times». Henta 31. august 2016. 
  53. «If Not Now». Henta 22. februar 2016. 
  54. «Who rules Pakistan?». Arkivert frå originalen 28. januar 2018. Henta 22. februar 2016. 
  55. «Bhangra, books and bonhomie». Henta 31. august 2016. 
  56. Reporter, The Newspaper's Staff (12. august 2018). «List of MNAs elected on reserved seats for women, minorities». DAWN.COM (på engelsk). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hina Rabbani Khar
Artiklar