Hn/Foss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mardalsfossen i 2004

Foss er ein del av eit vassdrag der vatnet gjeng yver ein meir eller mindre bratt avsats. Vatnet kan ante falla fritt eller renna langs fjellsida. Um fallhøgda er fordelt yver ein lengre strekning vert det gjerne kalla eit fossestryk eller stryk, men det er ikkje noko definert skilje millom desse umgrepi.

I ein foss vert det danna små vassdropar og boblor som reflekterer ljos slik at vatnet ser kvitt ut. Energien til det rennande vatnet i ein foss vert kalla fossekraft, eller vasskraft. Energien kan verta nytta til å produsera elektrisitet i eit vasskraftverk.

Fossar kan dannast yver eit hardt lag der det er lausare bergartar under, som Niagarafalla, eller der ein trong, yngre dal er grave ut i botnen av ein vidare dal, som til dømes Victoriafalla i Zambezi. I Noreg er dei fleste fossane danna der erosjonen etter isbreane under den siste istida hev laga bratte trinn i dalen, som til dømes i Rjukan. Dei høgaste fossane i Noreg finn ein på Vestlandet, medan dei aust- og nordnordske fossane gjerne hev størt vassføring. Mange av dei høgaste fossane i verda finn ein på Vestlandet.

Type fossar[endre | endre wikiteksten]

Havasu Falls, nær Supai i Arizona er eit døme på ein stupfoss
  • Blokk: Vatnet fell frå ei relativt brei elv. Fossen er breiare enn han er høg. Fossen må ikkje vera samanhengande frå side til side.
  • Kaskade: Vatnet renn nedyver ei rekkje steinar, berg eller ei ru yverflata av noko slag. Vassfallet kan vera både slakt og bratt.
  • Katarakt: Langstrakte fossar eller stryk i større elvar. Mest kjend er Nilen som i alt hev seks stykk millom Khartoum og Aswan.
  • Vifte: Vatnet spreier seg ut horisontalt i fallet medan det er i kontakt med grunnfjellet.
  • Hestehale: Det fallande vatnet hev noko kontakt med grunnfjellet, fyrr det mistar kontakten.
  • Stupfoss: Vatnet fell vertikalt og hev ikkje kontakt med grunnfjellet.
  • Segmentert: Fleire klart fråskilde fossefall ved sida av kvarandre.
  • Fleirtrinns: Vatn fell i fleire fall.

Kjende fossar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå fossar i Noreg.

Kjende fossar i andre land[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]