Hof kyrkje i Åsnes
Utsjånad
Hof kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Åsnes | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Hamar | ||
Prosti | Solør, Vinger og Odal | ||
Sokn | Hof | ||
Fellesråd | Åsnes | ||
Type | Krosskyrkje | ||
Arkitekt | Christian Heinrich Grosch | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Tegl | ||
Innvigd | 17. oktober 1860 | ||
• Vigd til | Heilag-Olav | ||
• Endringar | 1954–55, 2010 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | Lars Pinnerud, 1740 | ||
Døypefont | Kleberstein, 1200-talet | ||
Altartavle | Lars Pinnerud, 1740 | ||
Orgel | Johannes Menzel Orgelbyggeri, 1984 | ||
Sitjeplassar | 375 | ||
Hof kyrkje 60°33′03″N 12°01′03″E / 60.55083333°N 12.0175°E | |||
Wikimedia Commons: Hof kirke i Åsnes |
Hof kyrkje er ei krosskyrkje frå 1860 i Åsnes kommune i Innlandet.
Hof har hatt kyrkje sidan mellomalderen. Då var ho på austsida av Glomma, men elveløpet har flytta seg sidan den tid, og både den gamle kyrkjestaden og den noverande er på vestsida. Altartavle, preikestol og døypefont er overført frå den førre kyrkja, som vart riven i 1861. I tillegg er eit par portalvangar å finne i Oldsaksamlinga.
Gravkapellet på kyrkjegarden vert no nytta som kyrkjestove.
Prestar ved Hof kyrkje frå 1557
[endre | endre wikiteksten]Namn | Levetid | Budde på prestegarden i tidsperioda | Merknad |
---|---|---|---|
Oluf | Ukjent | 1557 | Oluf var med sikkerheit prest i Hof i 1557 og er oppført som prest på prestegarden same år[1]. |
Søren Lauritzen | Ukjent | 1575 | Var prest frå seinast 1575 i Hof kyrke til ein stad mellom 1605 og 1610 |
Søren Rasmussen | Fødsel ukjent, død i 1616 | Frå 1605/1610 til 1616 | |
Oluf Lauritzen | fødsel ukjent, død i 1628 | Frå 1616 til 1628 | |
Erik Madsen Grønvold | Ukjent | Frå 1628 til 1631 | Frå Solør[2] |
Thomas Friis | Ukjent fødsel, død i 1645 | Frå 1631 til 1645 | Før han vart prest i Hof, var han prest i Rakkestad |
Nils Christensten Dyding | Ukjent fødsel, død i 1649 | Frå 1645 til 1649[3] | |
Anders Jensen | Ukjent fødsel, død i 1650 | Frå 1649 til 1650 | Tidlegare kapellan i Nannestad |
Oluf Eriksen | Ukjent fødsel og truleg død i 1659. | Frå 1650 til 1659 | |
Hans Jensen Kraft | Ukjent fødsel, død i januar 1675 | Frå 1659 til 1675 | Oppførte det første manntalet for Hof sokn[4] |
Oluf Thomassen Blix | Født i 1650, død i 1687 | Frå 1675 til 1687 | Frå Fredrikstad |
Nils Hansen Tanche | Ukjent fødsel, død i 1718 | Frå 1687 til 1718 | Førte Hof kyrke si fyrste kyrkjebok frå år 1701[5]. |
Peder Olufsen Blix | Født 1678, død 1728 | Frå 1718 til 1728 | |
Søren Sørensen Lemich (den eldre) | Født 1696, død 1760 | Frå 1728 til 1760 | Under Søren si tid som prest vart Åsnes innvigd som ny kyrkje. I gåve til den nye kyrkja gav Søren eit dåpsfat av sølv: Det skjedde i 1738[6]. |
Søren Sørensen Lemich (den yngre) | Født 1731, død 1797 | Frå 1760 til 1797 | Son av den tidlegare presten. I 1762 var han ansvarlig for ekstraskattemanntallet. |
Niels Pettersen | Født 1740, død 1812 | Frå 1797 til 1804 | Frå Danmark. Før han vart prest på Hof, hadde han vore prest på Bornholm og i Lom. |
Andreas Fredrik Weidemann | Født 1763, død 1847 | Frå 1804 til 1847 | |
Hof kyrke hadde ingen offisiell sokneprest mellom 1847 og 1849. Hof prestegard var derfor ubod, men jorda vart likevel dyrka. | |||
Henrik Eilert Støren | Født 1807, død 1867 | Frå 1849 til 1861 | Var òg ordførar i Hof. |
Kristian August Krefting | Født 1810, død 1897 | Frå 1861 til 1884 | |
Håkon Betrand Thomosen | Født 1848 | Frå 1885 til 1889 | Frå Antwerpen |
Hans Ellertsen Woll | Født 1854 | Frå 1889 til 1905 | |
Hans Jentoft Aandstad | Frå 1912 til 1940 | ||
Håkon Ulltveit Moe | Født 1903 | Frå 1941 til 1948 | |
John Røstad | Frå 1948 til 1958 | ||
Odd Bjørn Bertelsen | Født 1922 | Frå 1970 |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Langmoen, Tord (2010). Den høyreiste kirken i Hof 1860-2010. Hof menighetsråd. ISBN 978-82-303-1622-1.
- Lofnes, Birger (1985). Hof kirke 125 år 1960-1985. Hof menighetsråd.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 627. ISBN 82-75-27022-7.
- «Hof kyrkje i Åsnes». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Hof kyrkje i Åsnes i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Hof Bygdebok bind II - slekts og gardshistorie for Åsa, Jara og Mosogn s.41
- ↑ Norsk Personalhistorisk Tidsskrift I s.111
- ↑ Norsk Slektshistorisk Tidsskrift IV s. 254
- ↑ Norske Kongebrev II s.179
- ↑ Hof Bygdebok bind II - slekts og gårdshistorie for Åsa, Jara og Mosogn s.44
- ↑ Hof Bygdebok bind II - slekts og gardshistorie for Åsa, Jara og Mosogn s.44
Denne kyrkjeartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.