Våler kyrkje i Solør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°40′22″N 11°50′10″E

Våler kyrkje
kyrkje
Våler kirke.jpg
Foto: Jan-Tore Egge
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hedmark
Kommune Våler
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Solør, Vinger og Odal
Sokn Våler
Fellesråd Våler
Arkitekt Espen Surnevik
Material Tre, stål og betong
Innvigd 24. mai 2015
Kyrkjegard Vest for kyrkja
Wikimedia Commons: Våler kirke (2015)

Våler kyrkje er ei kyrkje i Våler kommune i Hedmark fylke. Den førre kyrkja vart totalskadd i brann natt til fredag 29. mai 2009.[1] Ny Våler kyrkje vart oppført like aust for der gamlekyrkja stod, og innvigd i pinsen 2015 av biskop Solveig Fiske.[2][3]

Bygningen[endre | endre wikiteksten]

Bygget har to tårn der det høgste inneheld sjølve kyrkjesalen. Bygget er kledd i treverk, furu utvendig og lys bjørk innvendig. Vindauge i vegger og tak slepp inn mykje ljos. Taket på tårnet består av eit glasfelt på 14 m2.[4] Bygget har ein berande konstruksjon av stål. Grunnflata er på om lag 800 m2. Totalkostnaden var på om lag 61 millionar kroner.[2]

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Utforminga av den nye kyrkja har vore gjenstand for debatt og usemje. Kyrkja har mellom anna vore omtala som «skrekkdomen».[5][6] Gaute Brochmann meiner at kyrkjesalen har vorte for ljos. Han meiner òg at det indre av kyrkja har fått eit for hardt og sterilt preg.[4] Ronny Spaans meiner kyrkja er eit bilete på dei nye kyrkjene som vert bygd i Noreg.[7]

Dette huset finnes det ikke maken til noe sted i verden. Og det er bygget med en flid, vilje og presisjon som leder tankene mot smykkekunst og urmakeri like mye som sammenføyning av bygningselementer. En kompromissløs gjennomføring av arkitektens vilje og visjoner. — Gaute Brochmann[4]

Frå andre kantar har kyrkja fått rosande omtale. Ho vart nominert til Arkitekturprisen for 2015[8] og vart tildelt Statens byggeskikkpris for 2016.[9] Kyrkja vann dessutan klassa for religiøse byggverk ved Archmarathon i 2016.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Vi berget altertavla og døpefonten. Så smalt det. Dagbladet.no 29. mai 2009.
  2. 2,0 2,1 Bygg.no om nye Våler kyrkje.
  3. Våler kirke vigslet hos Våler kyrkjelege fellesråd.
  4. 4,0 4,1 4,2 Gaute Brochmann: «La det bli passe mye lys.» Morgenbladet, 22. mai 2015.
  5. Porsgrunds Dagblad: Denne kirken kalles Skrekkdomen, publisert 18. mai 2015, lest 28. september 2017.
  6. Filminnslag på tv2.no.
  7. Spaans, Ronny: Det nye norske kyrkjebygget. Dag og Tid, 5. juni 2015, s. 18.
  8. Templer for moderne arkitektur (Dagsavisen, 8. april 2017).
  9. Husbanken: Statens byggeskikkpris.
  10. Vinnarar av Archmarathon 2016.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]