Yngre dryas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tre temperaturregistreringar. Iskjernar frå Grønland (raudt) syner yngre dryas som ei hending kring 11 000 år sidan. Den vertikale aksen syner δ18O, som er eit mål på temperaturen.

Yngre dryas er ein klimaperiode, stundom kalla den store fryseperioden,[1] i ein geologisk kort (1300 ± 70 år) periode med kalde klimatilhøve og tørke i perioden frå om lag 12 800 til 11 500 år sidan.[2] Ein trur yngre dryas-tida vart skapt då den nordamerikanske iskalotten kollapsa, men det finst òg andre motseiande teoriar.

Perioden følgde Bølling-Allerød interstadial mot slutten av pleistocen og før preboreal tidleg i holocen. Han er kalla opp etter den alpine tundrablomen Dryas octopetala.

Yngre dryas er òg ein klimaperiode hos Blytt-Sernander som ein finn i lag i nordeuropeiske torvmyrer. Klimaperioden er datert til 12 900 til 11 500 år sidan. Eldre dryas stadial kom før Allerød-stadialet, om lag 1000 år før yngre dryas, og varte 300 år.[3]

Brå klimaendring[endre | endre wikiteksten]

Under yngre dryas byrja isbreane å vende attende på høgare breiddegrader på den nordlege halvkula for mellom 12 900 og 11 500 år sidan[4] og det stod i skrap kontrast til oppvarming i den føregåande smelteperioden. Ein trur at overgangsperiodane varte om lag eit tiår kvar,[5], men starten på perioden kan ha skjedd raskare.[6] Iskjernar frå Grønland indikerer at temperaturen der var om lag 15 gradar kaldare enn i dag.[5]. I Storbritannia har ein funne fossil som indikerer at den årlege middeltemperaturen var 5 grader kaldare der,[7] og ein hadde periglasiale tilhøve i lågareliggande område, med isfelt og isbrear i høgareliggande strøk.[8] Ein har ikkje sett ei slik rask og omfattande brå klimaendring sidan.[4]

Globale effektar[endre | endre wikiteksten]

I Vest-Europa og Grønland er yngre dryas ein veldefinert kald periode.[9] Avkjølinga i det tropiske Nord-Atlanteren kan ha skjedd eit par hundre år tidlegare. Sør-Amerika har mindre spor av starten på perioden, men syner ei brå avslutning. The den antarktiske kalde reverseringa ser ut til å ha starta tusen år før yngre dryas, og har ikkje no klårt definert start eller slutt. Huybers hevdar det er spor på at yngre dryas ikkje skjedde i Antarktisk, New Zealand og delar av Oseania.[10] Timinga av den tropiske motparten til yngre dryas - den klimatiske avisingsreverseringa (DCR) - er vanskeleg å datere sidan ein har mangelfulle iskjerneprøvar frå denne perioden på desse breiddegradene. Eit døme er iskjerneprøven frå Sajama i Bolivia, der timinga stemmer overeins med prøvar frå Grønland. Klimatilhøva i dei sentrale Andesfjella under DCT var signifikant og prega av eit skifte til mykje våtare, og truleg kaldare, vêr.[11] Omfanget og den brå måten det skjedde på indikerer at klimaet på låge breiddegrader endra seg under yngre dryas/DCR.

I det vestlege Nord-Amerika er det truleg at effektane av yngre dryas var mindre intense enni Europa, men det er funnen spor etter fornya isbredanning[12] som indikerer at det var nedkjøling nordvest i Stillehavet under yngre dryas.

Andre trekk ein har observert:

Årsaker[endre | endre wikiteksten]

Den rådande teorien er at yngre dryas oppstod ved at den nordatlantiske sirkulasjonen, som sirkulerer varmt tropisk vatn nordover, tok imot store mengder ferskvatn frå Lake Agassiz og issmeltinga i Nord-Amerika. Ein har derimot få geologiske spor som beviser ei slik hending.[13] Det globale klimaet globale klimaet ville då ha vorte låst i den nye tilstanden fram til frysing fjerna «ferskvasslokket» frå Nord-Atlanteren. Ein nyare, alternativ teori indikerer at jetstraumane i staden flytta seg nordover på grunn av endringar i det topografiske pådraget som smeltinga av den nordamerikanske iskalotten medførte. Dette førte til meir regn i Nord-Atlanteren som gjorde havoverflatevatnet ferskt nok til å stoppe den termohaline sirkulasjonen.[14]

Tidlegare istidsavslutningar hadde ikkje ein yngre dryas-liknande hending, noko som indikerer at det var tilfeldige faktorar inne i biletet. Likevel er det spor på at somme tidlegare istider har hatt avkjølingsperiodar etter istida var over, liknande yngre dryas.[15]

Slutten på klimaperioden[endre | endre wikiteksten]

Målingar i oksygenisotopar frå iskjernene på Grønland indikerer at yngre dryas enda i løpet av berre 40-50 år i tre diskrete steg, som kvar varte fem år. Andre data, som støvkonsentrasjon og snøoppsamling, indikerer ein enno raskare overgang, som krev ei temperaturendring på 7 °C i løpet av berre nokre få år.[4][5][16][17] Den totale oppvarminga var 10 +/- 4 grader.[18]

Slutten av yngre dryas er datert til kring 11 550 år sidan.

Effekt på jordbruket[endre | endre wikiteksten]

Yngre dryas er ofte knytt til oppstarten av jordbruk i Levanten.[19][20] Det er hevda at den kalde og tørre perioden senka bereevna i området og tvinga det fastbuande natufifolket til å flytte meir på seg. Ytterlegare forverring av klimaet trur ein har ført til at dei byrja å dyrke korn. Sjølv om det er forholdsvis brei konsensus om rolla yngre dryas hadde for endringane hos natufiane, er tilknytinga til oppstarten av jordbruket omdiskutert.[21][22]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Berger, W. H. (1990). «The Younger Dryas cold spell — a quest for causes». Global and Planetary Change 3 (3): 219–237. doi:10.1016/0921-8181(90)90018-8. 
  2. Muscheler, Raimund; et al. (2008). «Tree rings and ice cores reveal 14C calibration uncertainties during the Younger Dryas». Nature Geoscience 1 (4): 263–267. doi:10.1038/ngeo128. 
  3. doi:10.1111/j.1502-3885.1974.tb00669.x
  4. 4,0 4,1 4,2 Alley, Richard B. (2000). «The Younger Dryas cold interval as viewed from central Greenland». Quaternary Science Reviews 19 (1): 213–226. doi:10.1016/S0277-3791(99)00062-1. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Alley, Richard B.; et al. (1993). «Abrupt accumulation increase at the Younger Dryas termination in the GISP2 ice core». Nature 362 (6420): 527–529. Bibcode:1993Natur.362..527A. doi:10.1038/362527a0. 
  6. Choi, Charles Q. (2 December 2009). «Big Freeze: Earth Could Plunge into Sudden Ice Age». Henta 24. august 2011. 
  7. Severinghaus, Jeffrey P.; et al. (1998). «Timing of abrupt climate change at the end of the Younger Dryas interval from thermally fractionated gases in polar ice». Nature 391 (6663): 141–146. doi:10.1038/34346. 
  8. Atkinson, T. C.; et al. (1987). «Seasonal temperatures in Britain during the past 22,000 years, reconstructed using beetle remains». Nature 325 (6105): 587–592. doi:10.1038/325587a0. 
  9. How Stable was the Holocene Climate?, arkivert frå originalen 24. september 2015, henta 28. august 2011 
  10. http://www.sciencedaily.com/releases/2010/09/100908132214.htm
  11. Thompson, L. G.; et al. (2000). «Ice-core palaeoclimate records in tropical South America since the Last Glacial Maximum». Journal of Quaternary Science 15 (4): 377–394. doi:10.1002/1099-1417(200005)15:4<377::AID-JQS542>3.0.CO;2-L. 
  12. Friele, P. A.; Clague, J. J. (2002). «Younger Dryas readvance in Squamish river valley, southern Coast mountains, British Columbia». Quaternary Science Reviews 21 (18–19): 1925–1933. doi:10.1016/S0277-3791(02)00081-1. 
  13. Broecker, Wallace S. (2006). «Was the Younger Dryas Triggered by a Flood?». Science 312 (5777): 1146–1148. PMID 16728622. doi:10.1126/science.1123253. 
  14. doi:10.1029/2009PA001778
  15. doi:10.1016/j.quascirev.2008.02.004
  16. Sissons, J.B. (1979). «The Loch Lomond stadial in the British Isles». Nature 280 (5719): 199–203. doi:10.1038/280199a0. 
  17. Dansgaard, W.; et al. (1989). «The abrupt termination of the Younger Dryas climate event». Nature 339 (6225): 532–534. Bibcode:1989Natur.339..532D. doi:10.1038/339532a0. 
  18. Kobashia, Takuro; et al. (2008). «4 ± 1.5 °C abrupt warming 11,270 years ago identified from trapped air in Greenland ice». Earth and Planetary Science Letters 268 (3–4): 397–407. Bibcode:2008E&PSL.268..397K. doi:10.1016/j.epsl.2008.01.032. 
  19. Bar-Yosef, O. and A. Belfer-Cohen: "Facing environmental crisis. Societal and cultural changes at the transition from the Younger Dryas to the Holocene in the Levant." In: The Dawn of Farming in the Near East. Edited by R.T.J. Cappers and S. Bottema, pp. 55–66. Studies in Early Near Eastern Production, Subsistence and Environment 6. Berlin: Ex oriente.
  20. Mithen, Steven J.: After The Ice: A Global Human History, 20,000–5000 BC, pages 46–55. Harvard University Press paperback edition, 2003.
  21. Munro, N.D. (2003). «Small game, the younger dryas, and the transition to agriculture in the southern levant» (PDF). Mitteilungen der Gesellschaft für Urgeschichte 12: 47–64. Arkivert frå originalen (PDF) 2. juni 2020. 
  22. Balter, Michael (2010). «Archaeology: The Tangled Roots of Agriculture». Science 327 (5964): 404–406. PMID 20093449. doi:10.1126/science.327.5964.404. Henta 26. august 2011.