Honningblom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Honningblom

Status i verda: Utilstrekkeleg data
Status i Noreg: CR Kritisk truga

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Herminium
Art: H. monorchis
Vitskapleg namn
Herminium monorchis
(Linné) R.Br.
Økologi
Habitat: kalkrik eng
Utbreiing: Eurasia

Honningblom (Herminium monorchis) er ei plantehonningblomslekta Herminiumorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1][2]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Honningblom blir berre kring 10 centimeter høg. Planta har eit avlangt aks med små, gulgrøne blomar med honningduft. Ved basis har planta to langsmale blad.[3]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Arten er knytt til fuktig, kalkrik slåttemark og beitemark og til havstrandeng. I Noreg har arten vore kjend frå fleire titals stader på Austlandet,[4] men på grunn av habitatstap er det no berre att ei handfull stader på Hvaler.[5] Honningblom er totalfreda i Noreg[6] og klassifisert på Norsk raudliste for artar (2021) som kritisk truga (CR).[7] Arten er nøye overvaka,[8] og som ein av svært få artar er han òg verna som prioritert art gjennom eiga forskrift.[9]

Arten finst òg i Sverige (status VU, svensk namn honungsblomster)[10] og i Danmark (EN, dansk namn pukkellæbe),[11] men er rekna som utgått i Finland (RE, finsk namn mesikämmekkä).[12]

Honningblom (engelsk namn musk orchid) veks heilt sør i Storbritannia, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet.[13] I den britiske raudlista har arten status som sårbar (VU).[14] Lokalt er han sterkt truga (EN) i England,[15] og regionalt utdøydd (RE) i Wales (sist funne i 1968).[16]

I Estland (estisk namn harilik muguljuur) veks honningblom mest på øyane og vest på fastlandet og er rekna som sårbar (VU).[17] I Latvia (latvisk namn vienguma hermīnija)[18] er arten sjeldan og veks berre nær kysten. Han er klassifisert som sårbar (kategori 2 – retas sugas).[19] I Litauen (litauisk namn vienagumbis medauninkas) har arten gått sterkt attende på grunn av habitatstap og er dei siste åra berre kjend frå ein funnstad ved elva Šventoji. Han er rekna som kritisk truga (CR).[20][21]

I Benelux har arten (nederlandsk namn honingorchis, fransk namn orchis musc) berre eit par vekstestader att ved kysten i Nederland. I Flandern i Belgia finst han no berre i eit område ved kysten, medan han ikkje lenger er å finne i Vallonia.[22][23] I den nederlandske raudlista er arten rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd).[24] I Belgia er han rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd) i Flandern og regionalt utdøydd (RE, éteint) i Vallonia.[25][26] I Luxembourg er han òg rekna som regionalt utdøydd (RE).[27]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar honningblom». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre honningblom». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  3. «Artsdatabanken: Faktaark: Honningblom» (PDF). Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  4. «Artskart: Honningblom, registrerte funn historisk». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  5. «Artskart: Honningblom, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  6. «Forskrift om fredning av truede arter». Lovdata. 21. desember 2001. Henta 3. mars 2022. 
  7. «Raudlista: Honningblom». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 3. mars 2022. 
  8. Liv Ingrid Kravdal mfl. (2016). «Honningblom Herminium monorchis – overvåking av artens tre populasjoner på Hvaler» (PDF). Blyttia 74 (1): 19–26. ISSN 0006-5269. 
  9. «Forskrift om honningblom (Herminium monorchis) som prioritert art». Lovdata. 20. mai 2011. Henta 3. mars 2022. 
  10. «Artfakta: Herminium monorchis honungsblomster». Artdatabanken. Henta 6. mars 2022. 
  11. «Naturbasen: Pukkellæbe Herminium monorchis». Naturbasen. Henta 6. mars 2022. 
  12. «LAJI: Herminium monorchis». LAJI.FI. Henta 6. mars 2022. 
  13. «UK Biodiversity Action Plan» (PDF). Joint Nature Conservation Committee. 2007. Henta 9. mars 2022. 
  14. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  15. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  16. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  17. «eElurikkus: Herminium monorchis» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 4. februar 2023. 
  18. «Latvijas daba: vienguma hermīnija» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 4. februar 2023. 
  19. Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 4. februar 2023. 
  20. Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 20-21. ISBN 9986-662-28-1. Henta 4. februar 2023. 
  21. Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (på litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). s. 409. ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 4. februar 2023. 
  22. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Herminium monorchis». FLORON. Henta 20. januar 2024. 
  23. «Verspreidingskaart: Honingorchis – Herminium monorchis». Waarnemingen.be. Henta 20. januar 2024. 
  24. «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024. 
  25. «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  26. «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  27. «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]