Huludao

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Huludao
Plasseringa av Huludao (gul) i Liaoning

Huludao (kinesisk: 葫芦岛; pinyin: Húludǎo) er eit kinesisk byprefektur sørvest i provinsen Liaoning i det nordaustlege Kina. Byprefekturet har eit areal på 10 415 km² og hadde om lag 2,8 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Huludao omfattar tre distrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og to fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Næringslivet i Huludao er dominert av nokre av dei største industriverksemdene i Kina. Mellom dei finn ein den største produsenten av sink i Asia (Huludao Zinc Smelter), oljeraffineriet Jinxi og kjemikalie-produsenten Jinhua. Kinas ubåtar vert bygt ved eit kjempestort skipsverft. Frå eit oljefelt utanfor kysten av Suizhong fylke vert årleg utvunne mykje råolje.

Meir enn førti ulike mineral er påvist i Huludao, til dømes gull, sink, molybden, kalk og mangan. Molybdengruvene ved byen Yangjiazhangzi er av dei større i verda. Langs Huludaos 237 kilometer lange kystline vert det hausta av rike bestandar med ulike fiskeslag, reker og skaldyr. Klimaet passar godt til frukttre, i Suizhong fylke ligg frukthagen Qiansuo, den største i heile Asia. Ei rad frukttypar vert avla i området, mellom dei eple, pærer, nektarinar og brystbær.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]