Hopp til innhald

MS «Midnatsol»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

MS «Midnatsol» i Raftsundet
Karriere
Namn: MS «Midnatsol»
Operatør: Hurtigruten
Verft: Fosen mekaniske verksted i Rissa[1]
Kjølhalt: 17. oktober 2001 [2]
Sjøsett: 26. april 2002 [2]
Døypt: 22. mars 2003 [3]
Heimehamn: Tromsø
Kjennemerke: IMO-nummer: 9247728[1]
Generelle mål
Tonnasje: 16140 BT[2]
Lengd: 135,75 m
Breidd: 21,5 m
Dekk: 10 [2]
Installert effekt : 8 280 kW
Framdrift: 2 stk Wärtsila W9L32 dieselmotorar
Fart: 15 knop [2]
Passasjerar: 1000 passasjerar
Bilar: 45[2] køyretøy
Køyer: 644 køyeplassar

MS «Midnatsol» er eit av elleve skip som går i trafikk for Hurtigruta langs norskekysten mellom Kirkenes og Bergen. MS Midnatsol vart sett i drift i mai 2003.

Skipet har fleire restaurantar og konferansesalar, i tillegg til eit bibliotek. Det har dessutan to utandørs boblebad på dekk 9. MS «Midnatsol» er sertifisert for 1000 passasjerar i passasjertrafikk, og 650 passasjerar i cruisetrafikk. Det er systerskipet til MS «Trollfjord».

Skipet vart del av HX (Hurtigruten Expeditions) i 2021, og segla under namnet MS «Maud».[4] Det vart tilbakeført til Hurtigruten under det gamle namnet sitt i november 2024.[5]

  1. 1 2 DNV Exchange. «MS Midnatsol (2003)». Midnatsol summary. Henta 26. juni 2010.
  2. 1 2 3 4 5 6 Hurtigruten.no. «MS Midnatsol (2003)». Hurtigruten's fleet. Henta 26. juni 2010.
  3. Hurtigrutene.no. «MS Midnatsol (2003)». Midnatsol summary (på norsk). Henta 8. desember 2012.
  4. «Maud Temporarily Returns to Hurtigruten Fleet - Cruise Industry News | Cruise News», cruiseindustrynews.com (på engelsk), henta 20. november 2024
  5. «HX’s Maud Transferred to Hurtigruten’s Coastal Service - Cruise Industry News | Cruise News», cruiseindustrynews.com (på engelsk), henta 20. november 2024

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]