I’m Waiting for the Man
I'm Waiting for the Man Song av The Velvet Underground frå albumet The Velvet Underground & Nico | ||
Utgjeve | mars 1967 | |
Innspelt | mai 1966 i T.T.G. Studios i Hollywood | |
Sjanger | Garasjerock,[1] proto-punk[2] | |
Lengd | 4:39 | |
Selskap | Verve Records | |
Komponist | Lou Reed | |
Tekstforfattar | Lou Reed | |
Låtskrivar(ar) | Lou Reed | |
---|---|---|
Produsent | Andy Warhol |
«I'm Waiting for the Man» er ein song av det amerikanske rockebandet the Velvet Underground, skriven av Lou Reed. Han vart først gjeven ut på debutplata deira The Velvet Underground & Nico i 1967.
Songen handlar om å kjøpe heroin for 26 dollar i ei bustadblokk i Harlem nær krysset mellom Lexington Avenue og 125th Street i New York City, sungen frå synspunktet til kjøparen som tilsynelatande kjem til Harlem frå ein annan stad i byen. «Mannen» i tittelen er ein dophandlar. I lag med tradisjonelle gitarar, bass og trommer, har songen eit pumpande rock and roll- og Boogie-woogie-aktig piano. Det ein av dei meir populære songane til bandet og ein av mange songar dei spelte som handla om narkotika. Etter Lou Reed slutta i bandet i 1970, spelte han ofte songen på konsertane sine.
Han vart gjeven ut som singel i oktober 1971 (med «There She Goes Again» som B-sida) tilskriven Andy Warhol's Velvet Underground på MGM Records.[3]
I 2004 rangerte Rolling Stone songen på 159. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.[4][5] I 2010 vart plasseringa på same lista 161. plassen.
Alternative versjonar
[endre | endre wikiteksten]Ludlow Street Loft, juli 1965
[endre | endre wikiteksten]Songen var ein av dei tidlege songane som vart spelt inn av Lou Reed, John Cale og Sterling Morrison i leilegheita deira i Ludlow Street. Denne versjonen av songen, utan perkusjon, har eit mykje større vise- og bluespreg enn albumversjonen. Denne versjonen vart først gjeven ut i plateboksen Peel Slowly and See.
Scepter Studios, april 1966
[endre | endre wikiteksten]Før den endelege albumeversjonen av songen vart spelt inn i mai 1966, i T.T.G. Studios i Hollywood, vart eit anna opptak gjort i april 1966 i Scepter Studios på Manhattan. Dette opptaket er noko kortare, pianoet er meir i bakgrunnen og i staden for trommer vert det nytt tamburin. Reed syng òg «I'm waiting for the man» i byrjinga av songen, medan han på albumversjonen syng «I'm waiting for my man».
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Lou Reed - solovokal, sologitar
- John Cale - piano, bass
- Sterling Morrison - rytmegitar
- Maureen Tucker - trommer, tamburin
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Nico og Velvet Underground-medlemmane Lou Reed, John Cale og Maureen Tucker har alle spelt inn sine soloversjonar av songen.
Andre artistar som har spelt songen er mellom andre:
- The Riot Squad, med David Bowie[6]
- Beck[7]
- Celibate Rifles
- Charlie Harper på albumet Stolen Property i 1982
- Eater[8]
- Električni Orgazam på albumet Les Chansones Populaires
- Été 67, på den belgiske versjonen av det første albumet deira.
- Beck-Page sitt Yardbirds
- Iggy and the Stooges
- Orchestral Manoeuvres in the Dark som ei B-side til EP-versjonen av Messages
- Phillip Boa & the Voodooclub i 1989 på albumet Hair
- The Riffs på albumet Underground Kicks i 2010[9]
- Samm Bennett[10]
- Sheep on Drugs i 1997 på albumet One For The Money[11]
- Slaughter & the Dogs i 1978 på Do it Dog Style[12]
- U.K. Subs, B-side til singelen «Warhead» i 1980[13]
- Vanessa Paradis i 1992 på debutalbumet hennar på engelsk.
- Vitamin String Quartet
- Fake i 2007 på debutsingelen og seinare album
- Robert Caruso, bonusspor på albumet Ecce Homo i 2008
Konsertversjonar
[endre | endre wikiteksten]- Bauhaus (med Nico) på Press The Eject And Give Me The Tape[14]
- Belle and Sebastian i 2001 på BBC Sessions album
- Carole Pope
- Cheap Trick på samlinga Sex, America, Cheap Trick.
- David Bowie på Bowie at the Beeb. Ein annan versjon av songen finst på konsertalbumet Live: Santa Monica '72 med Mick Ronson på gitar. Denne versjonen vart nytta i filmen Almost Famous i 2001. Bowie song òg songen på Isolar-turneen i 1976 og eit opptak frå denne turneen finst som bonusspor på somme utgåver av albumet Station to Station.
- Debbie Harry avslutta ofte konsertane sine med songen mellom 1989 og 1991.
- The Smashing Pumpkins nytta songen i konsertane sine
- Pearl Jam spelte songen på ein konsert i Baltimore då dei fekk vite at Reed var død.[15]
- Pink Fairies spelte ofte songen, mellom anna på Live at the Roundhouse 1975.
- Red Hot Chili Peppers spelte eit liten bit av songen i 2013 som ei hyllest til Lou Reed, som var gått bort eit par dagar tidlegare.
- Robert Plant og Jimmy Page spelte songen på turneane sine. Robert Plant's Priory of Brian spelte òg songen.[16]
- Tom Robinson gav ut eit konsertopptak av songen på Rising Free[17]
- Me First and the Gimme Gimmes
- Vic Ruggiero og Kepi Ghoulie
- Zwan
- Echo & the Bunnymen og Ian McCulloch
- Richard Hawley.[18]
- Garbage spelte songen på Bleed Like Me-turneen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «I’m Waiting for the Man» frå Wikipedia på engelsk, den 13. januar 2016.
- ↑ «The Velvet Underground & Nico - The Velvet Underground». Allmusic. Henta 13. januar 2016.
- ↑ «The Velvet Underground, 'I'm Waiting for the Man' - 500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 19. april 2014. Henta 13. januar 2016.
- ↑ «I'm Waiting for the Man / There She Goes Again by Andy Warhol's Velvet Underground (Single, Garage Rock): Reviews, Ratings, Credits, Song list - Rate Your Music». Rateyourmusic.com. 11 October 2012. Henta 13. januar 2016.
- ↑ The RS 500 Greatest Songs of All Time Arkivert 2009-03-01 ved Wayback Machine. at Rolling Stone (101-200)
- ↑ I'm Waiting for the Man Arkivert 2014-04-19 ved Wayback Machine. på Rolling Stone
- ↑ Video of the Riot Squad version på YouTube
- ↑ Video of the Beck version på YouTube
- ↑ «Listen to a clip from the Eater version on Amazon». Amazon.com. Henta 13. januar 2016.
- ↑ «The Riffs discography». Musicbrainz.org. Henta 13. januar 2016.
- ↑ «Full Albums: The Velvet Underground & Nico » Cover Me». Covermesongs.com. Henta 13. januar 2016.
- ↑ «One for the Money - Sheep on Drugs - Songs, Reviews, Credits, Awards». Allmusic. Henta 13. januar 2016.
- ↑ «Do it Dog Style Amazon track listing». Amazon.com. Henta 13. januar 2016.
- ↑ «UK Subs discography». Newredarchives.com. Henta 13. januar 2016.
- ↑ «Amazon track listing for Press The Eject And Give Me The Tape». Amazon.co.uk. Henta 13. januar 2016.
- ↑ «After 23 years, Pearl Jam finally comes to Baltimore». Baltimoresun.com. 28 October 2013. Arkivert frå originalen 6. oktober 2014. Henta 13. januar 2016.
- ↑ «Priory of Brion Songs». Users.globalnet.co.uk. Henta 13. januar 2016.
- ↑ «TRB discography». Tomrobinson.com. Arkivert frå originalen 3. august 2013. Henta 13. januar 2016.
- ↑ «Richard Hawley - I'm Waiting For The Man». Vimeo.com. Henta 13. januar 2016.
82: «Rolling in the Deep» Adele |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2021 over dei 500 beste songane gjennom tidene 81 «I'm Waiting for the Man» The Velvet Underground |
80: «What I'd Say» Ray Charles |
162: «Bring the Noise» Public Enemey |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 161 «I'm Waiting for the Man» Velvet Underground |
160: «Moment of Surrender» U2 |
- Songar frå 1967
- The Velvet Underground-songar
- Songar skrivne av Lou Reed
- Songar om heroin
- Songar om New York
- David Bowie-songar
- The Yardbirds-songar
- Orchestral Manoeuvres in the Dark-songar
- Vanessa Paradis-songar
- Bauhaus-songar
- Belle and Sebastian-songar
- Cheap Trick-songar
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone 2010
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone 2021