I Am a Rock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I Am a Rock
Singel av Paul Simon
frå albumet The Paul Simon Songbook
B-side

Leaves That Are Green

Språk engelsk
Utgjeve 1965
Sjanger Folkrock
Selskap CBS
Komponist Paul Simon
Tekstforfattar Paul Simon
Låtskrivar(ar) Paul Simon
Paul Simon-kronologi 
I Am a Rock «Mother and Child Reunion»
(1972)


I Am a Rock
Singel av Simon and Garfunkel
frå albumet Sounds of Silence
B-side

Flowers Never Bend With The Rainfall

Språk engelsk
Utgjeve Mai 1966
Innspelt 14. desember 1965
Sjanger Jangle pop[1]
Lengd 2:52
Selskap Columbia
Komponist Paul Simon
Tekstforfattar Paul Simon
Låtskrivar(ar) Paul Simon
Produsent Bob Johnston
Simon and Garfunkel-kronologi 
«Homeward Bound»
(1966)
I Am a Rock «The Dangling Conversation»
(1966)


«I Am a Rock» er ein song skriven av Paul Simon. Han vart først innspelt av Simon aleine som opningsspor på albumet hans The Paul Simon Songbook som han spelte inn og gav ut i august 1965 i Storbritannia. Paul Simon og Art Garfunkel, som Simon & Garfunkel, spelte inn songen på ny 14. desember 1965 og gav han ut på albumet Sounds of Silence, som dei gav ut 17. januar 1966.

Simon gav songen ut den første versjonen som singel sommaren 1965. Som albumet hans vart ikkje singelen ein stor suksess og er i dag særs sjeldan. Medan Paul Simon turnerte i Europa sommaren 1965, la produsenten av Wednesday Morning, 3 A.M., det første albumet til Simon & Garfunkel, på elektrisk gitar og trommer på den originale, akustiske utgåva av «The Sound of Silence». Han gav denne ut som singel og han byrja å klatre på dei amerikanske salslistene. Då Simon høyrte dette reiste han attende til USA og vart gjenforeint med Garfunkel. Dei gjekk raskt i studio for å spele inn eit nytt album i liknande stil som «The Sound of Silence». Mellom anna spelte dei inn fleire av songane frå Song Book, inkludert «I Am a Rock», på ny.[2] Resultatet vart albumet Sounds of Silence, som duoen gav ut i januar 1966. Albumet nådde 21. plass på den amerikanske albumlista.

Duoen gav så ut «I Am a Rock» som singel seint på våren 1966 og songen nådde 3. plass i USA, den tredje singelen deira på rad som nådde Topp 5 etter «The Sound of Silence» og «Homeward Bound».

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1966)[3] Plassering
Australske Kent Music Report 20
Canada RPM Top Singles[4] 6
Den nederlandske singellista 10
New Zealand (Listener)[5] 2
Den svenske singellista 10
UK Singles Chart[6] 17
US Billboard Hot 100 3
US Cash Box Top 100[7] 4
West Germany 35

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1966) Plassering
US Billboard Hot 100[8] 51
US Cash Box[9] 40

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er mellom andre The Hollies, The Grass Roots, The Church, The Hated, Red House Painters, Me First and the Gimme Gimmes, Arjen Lucassen, Shelter, April Wine og Shaw Blades.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. LaBate, Steve (18. desember 2009). «Jangle Bell Rock: A Chronological (Non-Holiday) Anthology… from The Beatles and Byrds to R.E.M. and Beyond». Paste. Henta 9. august 2018. 
  2. Heylin, Clinton, Bob Dylan: The Recording Sessions, 1960-1994, Macmillan, 1997. Cf. s.34-36.
  3. Steffen Hung. «Simon & Garfunkel - I Am A Rock». Swisscharts.com. Henta 29. september 2016. 
  4. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. 6. juni 1966. Henta 24. mars 2019. 
  5. http://www.flavourofnz.co.nz/index.php?qpageID=search%20listener&qsongid=1107#n_view_location Flavour of New Zealand, 12. august 1966
  6. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 499–500. ISBN 1-904994-10-5. 
  7. Cash Box Top 100 Singles, 18. juni 1966
  8. Musicoutfitters.com
  9. Cash Box Year-End Charts: Top 100 Pop Singles, 24. desember 1966[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]