The Sounds of Silence

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå The Sound of Silence)
Hopp til navigering Hopp til søk
The Sound of Silence
Singel av Simon & Garfunkel
frå albumet Sounds of Silence
B-side We've Got a Groovy Thing Goin'
Utgjeve 12. september 1965
Innspelt 15. juni 1965 (overdubba versjon); originalvokal spelt inn 10. mars 1964
Studio Columbia Recording, New York City
Sjanger Folkrock[1]
Lengd 3:05
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Paul Simon
Produsent Tom Wilson
Simon & Garfunkel-kronologi
«I'm Lonesome»
(1963)
The Sound of Silence «Homeward Bound»
(1966)


«The Sound of Silence» er songen som gjorde viseduoen Simon & Garfunkel kjende. Han vart skriven i februar 1964 av Paul Simon etter mordet på John F. Kennedy den 22. november 1963.[2] Etter at songen vart miksa på ny og det vart lagt elektriske instrument oppå den originale akustiske utgåva, vart songen gjeven ut på singel og har seinare vorte kalla ein av dei «viktigaste folkrock-songane».[3]

Simon spelar akustisk gitar på songen, medan både Simon og Garfunkel syng. Han vart opphavleg spelt inn som ein akustisk song for det første albumet Wednesday Morning, 3 A.M. i 1964, men produsenten på songen, Tom Wilson, la seinare på elektriske instrument på eige initiativ og gav han ut som singel i september 1965.[4][5] Singelen nådde førsteplassen nyårsdag 1966 og vart så gjeven ut på albumet Sounds of Silence i 1966.

Songen vart opphavleg kalla «The Sounds of Silence» og er skriven slik på tidlege album og på singelen. På seinare samlingar er han kalla «The Sound of Silence». Begge utgåve av tittelen finst i teksten til songen. I boka si Lyrics 1964–2008 skriv Simon sjølv tittelen i eintalsform.

Historie[endre | endre wikiteksten]

And the people bowed and prayed
To the neon god they made.
And the sign said, "The words of the prophets are written on the subway walls
And tenement halls
And whispered in the sounds of silence."

Paul Simon (1964)

Simon starta å skrive songen etter drapet på Kennedy. Han hadde kom fram til musikken, men drøyde med teksten. Den 19. februar 1964 var teksten òg ferdig, som Simon sjølv fortel:

« Hovudgreia med å spele gitar var at eg kunne sitje for meg sjølv og spele og drøyme. Og eg likt alltid å gjere det. Eg pleidde å gå inn på badet, fordi badet var flislagt, så det var alltid litt ekko. Eg opna kranen slik at vatnet rant - eg likar den lyden, det var veldig beroligande på meg - og eg spelte. Det var mørkt. 'Hello darkness, my old friend / I've come to talk with you again'.[6] »

Simon spelte den nye songen for Garfunkel same dag og kort tid etter spelte duoen songen på viseklubbar i New York. I teksten til plateomslaget til Wednesday Morning, 3 A.M., skriv Garfunkel:

« 'The Sound of Silence' er eit stort stykke arbeid. Vi leitte etter ein stor song, men dette var meir enn nokon av oss hadde venta.[7] »

Duoen spelte inn songen første gong 10. mars og tok han med på Wednesday Morning, 3 A.M., som kom ut oktober 1964.[8] Albumet gjorde det dårleg då det kom ut, og duoen vart oppløyst. Simon reisten til England og var der det meste av 1965. Her spelte han ofte songen solo på viseklubbar og spelte songen inn på ny for soloalbumet sitt The Paul Simon Songbook i mai 1965.

Samstundes hadde produsenten til Simon & Garfunkel i Columbia Records i New York, Tom Wilson, fått vite at radiostasjonar i Boston og i Florida hadde byrja å spele songen.

15. juni 1965, like etter innspelinga av Bob Dylan sin «Like a Rolling Stone», som Wilson òg produserte, tok han den originale versjonen til Simon & Garfunkel frå 1964 og la på elektrisk gitar (av Al Gorgoni), elektrisk bass (Bob Bushnell) og trommer (Bobby Gregg) og gav han ut som singel, utan å spørje Simon eller Garfunkel først. Dette kom av at sjølv om dei framleis hadde kontrakt med Columbia Records eksisterte ikkje duoen lenger.[4][9][10] Roy Halee var lydteknikar, som la på ein ekkoeffekt på songen, etter at The Byrds hadde nytta slike effektar med stor suksess.[4]

Som B-side valte Wilson ein song som tidlegare ikkje var gjeven ut, men som duoen hadde spelt inn nokre månader tidlegare for å prøve ein meir «moderne» stil. Singelen «Sounds of Silence» gjekk inn på den amerikanske singellista i september 1965 og starta sakte å klatre.

Simon fekk vite at singelen hadde gått inn på lista berre minuttar før han skulle spele på ein viseklubb i København i Danmark og seinare på hausten reiste han attende til USA. Mot slutten av 1965 og dei første få vekene av 1966 låg songen på førsteplassen i USA. Simon & Garfunkel slo seg då saman att og tok med songen på det neste albumet deira, Sounds of Silence, som vart innspelt i all hast i desember 1965 og gjeven ut i januar 1966 for å gjere seg nytte av suksessen deira. Songen gjorde dei til store stjerner i lag med to andre hitsinglar sommaren 1966, «I Am a Rock» og «Homeward Bound». I 1999 kåra BMI «The Sound of Silence» til den 18. mest framførte songen på 1900-talet.[11] I 2004 vart han rangert på 156. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1965–68) Plassering
Australia (Kent Music Report) 3
Austerrike singellista 3
Belgia (Flandern)[12] 11
Canada RPM[13] 4
Vest-Tyskland Media Control Charts 9
Japan (Oricon)[14] 1
Nederland Singels Chart 10
New Zealand (Listener)[15] 2
Sør-Afrika (Springbok Radio)[16] 1
Spania Singels Chart[17] 17
Sveits[18] 94
US Billboard Hot 100 1
US Cash Box Top 100[19] 1
Zimbabwe [20] 3

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1966) Plassering
Sør-Afrika [21] 10
US Billboard Hot 100[22] 54
US Cash Box Top 100[23] 2

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Italia (FIMI)[24] Gull 25 000*
Storbritannia (BPI)[25] Gull 400 000^
USA (RIAA)[26] Gull 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Songen i filmar[endre | endre wikiteksten]

  • Songen vart nytta tre gonger i filmen The Graduate, og vart spelt både under rulleteksten i starten og slutten av filmen.
  • I filmen Bobby vart han spelt under sigerstalen til Robert Kennedy, like før han vart drepen.
  • I filmen More American Graffiti frå 1966 kan ein høyre songen etter ein større slåsskamp på ein bar.
  • I Watchmen frå 2009 finst songen på filmmusikkalbumet og vart nytta under gravferda til The Comedian.

Disturbed-versjonen[endre | endre wikiteksten]

The Sound of Silence
Singel av Disturbed
frå albumet Immortalized
Utgjeve 7. desember 2015
Sjanger Pianorock[27]
Lengd 4:08
Selskap Reprise
Låtskrivar(ar) Paul Simon
Produsent Kevin Churko
Disturbed-kronologi
«The Light»
(2015)
The Sound of Silence «Open Your Eyes»
(2016)


Ein versjon av «The Sound of Silence» kom ut av det amerikanske heavy metal-bandet Disturbed den 7. desember 2015.[28][29] Det vart laga ein musikkvideo til versjonen.[30] Versjonen deira nådde toppen av Billboard Hard Rock Digital Songs[31] og Mainstream Rock-lista,[32] og er den høgaste plasseringa dei har fått på Hot 100,[33] med ein 42. plass. Det var òg den bestseljande singelen eira i Australia, der han nådde fjerdeplassen.

I april 2016 rosa Paul Simon versjonen.[34] Simon sendte vokalisten Draiman ein epost der han rosa framføringa deira på det amerikanske showet Conan og kalla det ei mektig framføring.[35] Musikkvideoen har blitt sett kring ein halv milliard gonger på YouTube, medan framføringa på Conan nærmar seg 100 millionar.

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2016) Plassering
Australia (ARIA)[36] 4
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[37] 1
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[38] 23
Canada (Canadian Hot 100)[39] 40
Tsjekkia (IFPI)[40] 45
Frankrike (SNEP)[41] 191
Tyskland (Media Control AG)[42] 2
Tyskland (Airplay Chart)[43] 28
Ungarn (Single Top 10)[44] 36
Irland (IRMA)[45] 57
New Zealand (Recorded Music NZ)[46] 32
Portugal (AFP)[47] 44
Portugal Digital Songs (Billboard)[48] 1
Skottland (Official Charts Company)[49] 8
Slovenia (SloTop50)[50] 22
Sverige (Sverigetopplistan)[51] 45
Sveits (Schweizer Hitparade)[52] 12
UK Singles (Official Charts Company)[53] 29
US Billboard Hot 100[54] 42
US Hot Rock Songs (Billboard)[55] 3
8
US Alternative Songs (Billboard)[56] 22
US Mainstream Rock (Billboard)[57] 1
US Hard Rock Digital Songs (Billboard)[31] 1
Liste (2019) Plassering
Polen (Den polske Topp 5-lista)[58] 67

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2016) Plassering
Australia (ARIA)[59] 44
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[60] 3
Tyskland (Official German Charts)[61] 14
Sweden (Sverigetopplistan)[62] 100

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[63] 2× Platina 140 000^
Austerrike (IFPI Austerrike)[64] Gull 15 000x
Canada (Music Canada)[65] 4× Platina 320 000^
Tyskland (BVMI)[66] 3× Gull 450 000^
Italia (FIMI)[67] Gull 15 000*
New Zealand (RMNZ)[68] Gull 7 500*
Noreg(IFPI Noreg)[69] Platina 10 000*
Sverige (GLF)[70] 3× Platina 120 000x
Sveits(IFPI Switzerland)[71] Gull 15 000x
Storbritannia (BPI)[72] Sølv 200 000^
USA (RIAA)[73] 3× Platina 1,502,000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er mellom andre The Bachelors, Barros de Alencar, Nick & Simon, Bitches Sin, The Smashing Pumpkins, Nevermore, Bananarama, The Coolies, Heir Apparent, The Dickies, All Angels, Atrocity, Gregorian, Emilíana Torrini, Ascension of the Watchers, Carlo Rossi, Adriano Pappalardo, Stanford Harmonics, Shaw Blades, Sharleen Spiteri, Garou, Point Valid, Anna Dabrowska, Alizée , Model M. og Disturbed.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fontenot, Robert (29. oktober 2015). «What is Folk-Rock Music?». ThoughtCo. About.com. Henta 12. mars 2017. 
  2. Victoria Kingston, Simon & Garfunkel : the definitive biography, London, Sidgwick & Jackson, 1995
  3. Hoffmann, Frank, Encyclopedia of Recorded Sound, 2nd ed., New York, NY : Routledge, 2005. ISBN 041593835X. Cf. volume 1 (of two), s.408, artikkel om "Folk Rock".
  4. 4,0 4,1 4,2 Simons, David (2004). Studio Stories - How the Great New York Records Were Made. San Francisco: Backbeat Books.  Cf. s.94-97.
  5. Charlesworth, Chris, The Complete Guide to the Music of Paul Simon and Simon & Garfunkel, Omnibus Press 1996. Cf. særleg s.17-18 om Sound of Silence.
  6. Schwartz, Tony. "Playboy Interview", Playboy, februar 1984, Vol. 31, No. 384, Iss. 2, s. 49–51 & 162–176
  7. Simon & Garfunkel sitat
  8. Patrick Humphries, Paul Simon: Still Crazy After All These Years (New York: Doubleday, 1989). ISBN 038524908X.
  9. David Simons - Studio Stories, s.96
  10. Paul Simon Discography - Simon & Garfunkel - 1964 to 1971
  11. "BMI Top 100 Songs of the Century: 8 Million+ Performances", 1999 (archive.org copy)
  12. «The Sounds of Silence». Henta 17. september 2012. 
  13. Canada, Library and Archives (17. juli 2013). «Image : RPM Weekly». 
  14. オリジナルコンフィデンス. 歴代洋楽シングル売り上げ枚数ランキング (på japansk). 年代流行. Henta 29. oktober 2017. 
  15. «flavour of new zealand - search listener». www.flavourofnz.co.nz. 
  16. «SA Charts 1965–March 1989». Henta 1. september 2018. 
  17. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  18. Hung, Steffen. «Simon & Garfunkel: The Sounds of Silence». swisscharts.com. Henta 21. april 2012. 
  19. «Cash Box Top 100 1/29/66». Tropicalglen.com. 29. januar 1966. Henta 21. august 2017. 
  20. * Zimbabwe. Kimberley, C. Zimbabwe: singles chart book. Harare: C. Kimberley, 2000
  21. «Top 20 Hit Singles of 1966». Henta 12. september 2018. 
  22. «Top 100 Hits of 1966/Top 100 Songs of 1966». Musicoutfitters.com. Henta 29. september 2016. 
  23. «The Cash Box Year-End Charts: 1966/Top 100 Pop Singles, 24. desember 1966». Tropicalglen.com. Henta 20. desember 2016. 
  24. «Italian single salstrofé – Simon & Garfunkel – The Sound of Silence» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 17. mars 2014.  Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Simon & Garfunkel in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  25. «British single salstrofé – Simon & Garfunkel – The Sound of Silence». British Phonographic Industry. Henta 8. februar 2019.  Enter The Sound of Silence in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  26. «American single salstrofé – Simon & Garfunkel – Sounds of Silence». Recording Industry Association of America. Henta 17. mars 2014.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
  27. Billboard (3. oktober 2016). «Disturbed's Haunting Simon & Garfunkel Cover Tops Mainstream Rock Songs Chart». Billboard. Henta 21. august 2017. 
  28. «Disturbed Return with 'Immortalized' - Billboard». Billboard. 
  29. «Gold & Platinum - RIAA». RIAA (på engelsk). Henta 24. mars 2019. 
  30. «Video Premiere: Disturbed's Cover Version Of Simon & Garfunkel's 'The Sound Of Silence'». Blabbermouth. 
  31. 31,0 31,1 «Hard Rock Digital Songs, Jan 2, 2016». Billboard. Henta 24. mars 2019. 
  32. «The Sound of Silence-d Guitars: Disturbed's Haunting Simon & Garfunkel Cover Tops Mainstream Rock Songs Chart». Billboard. 
  33. «Simon & Garfunkel's 'Sound of Silence' Hits Hot Rock Songs Top 10, Thanks to 'Sad Affleck'». Billboard. 
  34. «Paul Simon Endorses Disturbed's 'Sound of Silence' Cover on Facebook». Facebook.com. Henta 24. mars 2019. 
  35. «Disturbed Receive Paul Simon Approval for 'Sound of Silence'». Loudwire.com. Henta 29. september 2016. 
  36. "Australian-charts.com – Disturbed – The Sound of Silence". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien. Henta 24. mars 2019.
  37. "Disturbed – The Sound of Silence – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 24. mars 2019.
  38. "Ultratop.be – Disturbed – The Sound of Silence" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 24. mars 2019.
  39. "Disturbed Album & Song Chart History" Canadian Hot 100 for Disturbed. Prometheus Global Media. Henta 24. mars 2019.
  40. "ČNS IFPI" (på tsjekkisk). Hitparáda – Radio Top100 Oficiální. IFPI Czech Republic. Note: insert 201650 into search. Henta 24. mars 2019.
  41. «Le Top de la semaine : Top Singles Téléchargés - SNEP (Week 38, 2016)» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. Henta 24. mars 2019. 
  42. "Disturbed - The Sound of Silence". Charts.de. Media Control. Henta 24. mars 2019.
  43. «Airplay Charts Deutschland – Woche 01/2017». German Charts. Henta 24. mars 2019. 
  44. "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hanglemezkiadók Szövetsége" (på ungarsk). Topp 10-singellista. Magyar Hanglemezkiadók Szövetsége. Henta 24. mars 2019.
  45. "Chart Track". Den irske singellista. Irish Recorded Music Association. Henta 24. mars 2019.
  46. «NZ Top 40 Singles Chart». Recorded Music NZ. 24. mars 2019. Henta 24. mars 2019. 
  47. «Portuguesecharts.com - Singles (Week 22)». Associação Fonográfica Portuguesa. Henta 24. mars 2019. 
  48. «Portugal Digital Songs». Billboard. Henta 24. mars 2019. 
  49. "Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company. Henta 24. mars 2019.
  50. «SloTop50 – Slovenian official singles chart». slotop50.si. Henta 28. august 2018. 
  51. "Swedishcharts.com – Disturbed – The Sound of Silence". Topp 60. Hung Medien. Henta 24. mars 2019.
  52. "Disturbed – The Sound of Silence – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien. Henta 24. mars 2019.
  53. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 24. mars 2019.
  54. "Disturbed Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Disturbed. Prometheus Global Media. Henta 24. mars 2019.
  55. Mal:BillboardID/D/Mal:BillboardEncode/D/chart?f=902 "Disturbed – Chart history" Billboard Hot Rock Songs for Disturbed. Henta24. mars 2019.
  56. "Disturbed Album & Song Chart History" Billboard Alternative Songs for Disturbed. Prometheus Global Media. Henta 24. mars 2019.
  57. Mal:BillboardID/D/Mal:BillboardEncode/D/chart?f=376 "Disturbed – Listehistorie" Billboard Mainstream Rock Songs for Disturbed. Henta 24. mars 2019.
  58. "Listy bestsellerów, wyróżnienia :: Związek Producentów Audio-Video". Den polske Topp 5-lsita. ZPAV. Henta 24. mars 2019.
  59. «ARIA Top 100 Singles 2016». Australian Recording Industry Association. Henta 24. mars 2019. 
  60. «Ö3 Austria Top 40 - Single-Charts 2016». oe3.orf.at. Arkivert frå originalen 24. mars 2019. Henta 24. mars 2019. 
  61. «Top 100 Jahrescharts 2016». GfK Entertainment (på tysk). viva.tv. Henta 24. mars 2019. 
  62. «Årslista Singlar – År 2016» (på svensk). Sverigetopplistan. Henta 24. mars 2019. 
  63. «CHART WATCH #385». auspOp. 10. september 2016. Henta 10. september 2016. 
  64. «Austrian single salstrofé – Disturbed – The Sound of Silence» (på tysk). IFPI Austerrike.  Enter Disturbed in the field Interpret. Enter The Sound of Silence in the field Titel. Select single in the field Format. Click Suchen
  65. «Canadian single salstrofé – Disturbed – The Sound of Silence». Music Canada. Henta 20. juni 2018. 
  66. «Gold-/Platin-Datenbank (Disturbed; 'The Sound of Silence')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 14. april 2018. 
  67. «Italian single salstrofé – Disturbed – The Sound of Silence» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 15. mai 2017.  Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Disturbed in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  68. «New Zealand single salstrofé – Disturbed – The Sound of Silence». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 224. mars 2019. 
  69. «Norwegian single salstrofé – Disturbed – The Sound of Silence» (på norsk). IFPI Norway. 
  70. «Guld- och Platinacertifikat − År 2017» (PDF) (på svensk). IFPI Sweden. 
  71. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Disturbed; 'The Sound of Silence')». Hung Medien. 
  72. «British single salstrofé – Disturbed – The Sound of Silence». British Phonographic Industry.  Enter The Sound of Silence in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  73. «American single salstrofé – Disturbed – The Sound of Silence». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]