Homeward Bound

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Homeward Bound
Singel av Simon and Garfunkel
frå albumet Sounds of Silence (Storbritannia), Parsley, Sage, Rosemary and Thyme (USA)
B-side «Leaves That Are Green»
Utgjeve 19. januar 1966
Innspelt 14. desember 1965
Sjanger Folkrock
Lengd 2:42
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Paul Simon
Produsent Bob Johnston
Simon and Garfunkel-kronologi
«The Sound of Silence»
(1965)
Homeward Bound «I Am a Rock»
(1966)


«Homeward Bound» er ein song frå 1966 av Simon & Garfunkel, produsert av Bob Johnston og spelt inn 14. desember 1965. Paul Simon er sagt å ha skrive songen på Ditton jernbanestasjon i Widnes, nordvest i Englnad, då han måtte overnatte der etter at han ikkje nådde toget. Det heng ein plakett på stasjonen i dag til minne om dette. Songen skildrar lengselen etter å dra heim, både til den dåverande kjærasten Kathy Chitty i Brentwood i England og tilbake til USA. Songen gjekk inn på femteplass i USA den 12. februar 1966 og låg på lista i 12 veker.

Ein konsertversjon av songen finst på samleplata Simon and Garfunkel's Greatest Hits.

Songen er ein av Simon sine signaturlåtar i lag med «The Sounds of Silence», «Mrs. Robinson» og «Bridge Over Troubled Water» og vert ofte spelt på konsertane hans.

I 1976 spelte Simon og tidlegare Beatles-medlem George Harrison denne songen og Harrison sin «Here Comes the Sun» i ein episode av Saturday Night Live.

Fleire andre artistar har spelt songen, som The Beau Brummels, Cher, Glen Campbell, Janie Fricke, Davey Graham, Jack Jones, Jack's Mannequin, Petula Clark og Ronan Keating.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1966)[1] Plassering
Australske Kent Music Report 20
Canadian RPM 100[2] 2
Den nederlandske singellista 4
New Zealand (Listener)[3] 1
Rhodesia Singles Chart[4] 4
Sør-Afrika (Springbok Radio)[5] 6
Den svenske singellista 12
UK Singles Chart[6] 9
US Billboard Hot 100[7] 5
US Cash Box Top 100[8] 5

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1966) Plassering
US Billboard Hot 100[9] 56
US Cash Box [10] 61

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Steffen Hung. «Simon & Garfunkel - Homeward Bound». Swisscharts.com. Henta 24. mars 2019. 
  2. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 24. mars 2019. 
  3. Flavour of New Zealand, 27. mai 1966
  4. * Zimbabwe. Kimberley, C. Zimbabwe: singles chart book. Harare: C. Kimberley, 2000
  5. «SA Charts 1965–March 1989». Henta 5. september 2018. 
  6. «ChartArchive - Simon And Garfunkel». archive.is. Arkivert frå originalen 2012-07-21. Henta 22. juli 2016.  Invalid |dead-url=bot: unknown (hjelp)
  7. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
  8. Cash Box Top 100 Singles, 2. april 1966
  9. Musicoutfitters.com
  10. Cash Box Year-End Charts: Top 100 Pop Singles, 24. desember 1966