Ike Willis
Ike Willis | |||
![]() | |||
Fødd | 12. november 1955 (69 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Saint Louis | ||
Alias | Stucco Homes | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1978 til i dag | ||
Sjanger | Progressive rock, rock, alternativ rock, R&B | ||
Instrument | Vokal, gitar | ||
Tilknytte artistar | Frank Zappa, Bogus Pomp,[1] Ugly Radio Rebellion, Ossi Duri, Elio e le storie tese | ||
Plateselskap | Zappa Records, Barking Pumpkin Records, Reprise Records | ||
Verka som | Musikar |
Ike Willis (fødd 14. november 1955) er ein amerikansk vokalist og gitarist som var fast medlem i bandet til Frank Zappa frå 1978 og fram til den siste turneen hans i 1988.[2] Han turnerte ikkje med Zappa i 1981 og 1982 fordi han ønskte å vere heime for fødselen til dei to barna hans. I dag spelar han med hyllestband for Frank Zappa, Bogus Pomp, Ossi Duri, Project/Object, Pojama People og Ugly Radio Rebellion. Han er mest kjend for arbeidet på Zappa-innspelingar som Joe på Joe's Garage, vokal på Tinsel Town Rebellion, You Are What You Is og The Man from Utopia, og hovudrolla og forteljar i Zappa-musikalen Thing-Fish.
Willis hadde òg stemma for songar for filmar og musikkprosjekt, og for soloprosjektet «The Ike Willis Band.» Han gav ut to soloalbum.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Med Frank Zappa
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ike Willis» frå Wikipedia på engelsk, den 21. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Project/Object
- ↑ Minnen, Jess (12. mars 2003). «Mother of Reinvention». Arkivert frå originalen 30. april 2015. Henta 31. mai 2014.