Ship Arriving Too Late to Save a Drowning Witch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ship Arriving Too Late to Save a Drowning Witch
Studioalbum av Frank Zappa
Utgjeve 3. mai 1982
Innspelt september 1981–tidleg 1982 Live and at UMRK (studio tracks)
Sjanger Hardrock, komedierock, progressiv rock, kunstrock
Lengd 34:18
Selskap Barking Pumpkin
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi
You Are What You Is
(1981)
Ship Arriving Too Late to Save a Drowning Witch The Man from Utopia
(1983)
Singlar frå Ship Arriving Too Late to Save a Drowning Witch
  1. «Valley Girl»
    Utgjeve: 1982
Meldingar
Karakter
Kjelde Karakter
Allmusic 3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

Ship Arriving Too Late to Save a Drowning Witch er eit album av Frank Zappa, gjeven ut i mai 1982 og digitalt remastra i 1991. Det består av fem songar av Zappa, og ein song, «Valley Girl», skriven i lag med dottera Moon Unit Zappa, som talar ein monolog som hånar slangdialekten til jenter frå skulen hennar.[2]

Den første halvdelen av albumet består av studioinnspelingar, medan den andre er konsertopptak. På vinylutgåva var desse to delane første og andre side av plata.

«Valley Girl» var ein av dei mest suksessrike singlane til Zappa.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Det meste av studioinnspelingane vart spelt inn i Zappa sitt heimestudio, Utility Muffin Research Kitchen i Los Angeles; medan konsertopptaka var frå konsertar i 1981 og 1982. Konsertopptaka var opphavleg meint for eit album det aldri vart noko av, Chalk Pie. Det vart skrinlagt etter at piratkopiar av albumet kom på marknaden.

Plateomslaget består av ei skisse som albumet fekk namn eter. Formene indikerer bokstavane 'ZA' (og 'P', sidevegs), som i 'Zappa'.

Songen «Drowning Witch» er ein av dei mest komplekse instrumentalane Zappa nokon gong skreiv med musikalske sitat frå Vårofferet av Stravinsky og kjenningsmelodien til Dragnet.

Albumet vart gjeve ut på CD av EMI med The Man from Utopia på same plate, og sidan av Barking Pumpkin og Rykodisc.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Frank Zappa. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «No Not Now»   5:50
2. «Valley Girl»   4:49
3. «I Come from Nowhere»   6:13
Side to
# Tittel Lengd
1. «Drowning Witch»   12:03
2. «Envelopes»   2:46
3. «Teen-Age Prostitute»   2:43

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Billboard (USA)

År Liste Plassering
1982 Pop Albums 23[3]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Song Liste Plassering
«Valley Girl» Mainstream Rock 12[3]
Pop Singles 32[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]