Thing-Fish

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thing-Fish
Studioalbum av Frank Zappa
Utgjeve 21. desember 1984
Innspelt 1976, 1980-1983
Sjanger Rockeopera
Lengd 90:58
Selskap Barking Pumpkin
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi
Them or Us
(1984)
Thing-Fish Francesco Zappa
(1984)


Thing-Fish er eit album av Frank Zappa, opphavleg gjeve ut som eit trippelalbumBarking Pumpkin Records i 1984. Det vart marknadsført som ei innspeling for ein føreslått musikal med same namn, men som aldri vart produsert av Zappa. Denne vart først framført i 2003, ti år etter Zappa døydde.

Historia på albumet er inspirert av Broadwayteater, AIDS, rasehygiene, konspirasjonsteoriar, feminisme, homoseksualitet og afroamerikansk kultur. Det omfattar ein vond, rasistisk prins og teaterkritikar som skapar ein sjukdom som er meint å utrydde afroamerikanarar og homoseksuelle. Sjukdommen vert testa på fangar som vert omgjort til «Mammy Nuns» leia av forteljaren i soga, Thing-Fish. Soga er ein satire om eit kvitt angelsaksisk protestantisk par, Harry and Rhonda (i røynda spelt av italiensk-amerikanarar) som kjem for å sjå skodespelet framført av «Mammy Nuns», og vert konfrontert med si eiga fortid: Harry presentert som ein homoseksuell gut, Rhonda presentert som ei oppblåsbar dukke vekt til live.

Soga vart laga under innspelinga, der ein produserte nye overdubbar for innspelingar som tidlegare vart gjevne ut på Zappa-albuma Zoot Allures, Tinseltown Rebellion, You Are What You Is og Ship Arriving Too Late To Save A Drowning Witch. Utgjevinga av albumet vart utsett då den førre distributøren til Barking Pumpkin Records, MCA, nekta å gje ut albumet. Det vart i staden gjeven ut av Capitol Records i USA, med ein «Åtvaring/garanti» skriven av Zappa sjølv. Thing-Fish fekk i starten dårleg kritikk av kritikarane, som kritiserte at det vart brukt tidlegare innspelte songar, men det har sidan blitt sett i betre lys på grunn av det særs satiriske innhaldet.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Før han reiste til London for å spele inn musikk med London Symphony Orchestra, var Frank Zappa heime i jula 1982, og var oppteken med å skrive for og produsere tre filmar og ein Broadway-musikal kalla Thing-Fish.[1] Mellom 1981 og 1982 hadde Broadwayteater skifta frå konservative musikalar til eksperimentelle skodespel som anten vart rekna som pretensiøse eller vulgære.[2] Thing-Fish driv satire med teaterkritikarar på denne tida, og gjekk i mot «idiotiseringa» av amerikansk kultur.[2] Zappa hadde tidlegare to mislukka forsåk på å setje opp musikalar på Broadway, Hunchentoot, som danna grunnlaget for CD-utgåva av Sleep Dirt, og ein musikalversjon av William S. Burroughs sin The Naked Lunch.[2]

Manuset vart utvikla ved å spele inn songane først. Mange av songane i musikalen var tidlegare spelt inn for andre album, som Zoot Allures, Tinseltown Rebellion, You Are What You Is og Ship Arriving Too Late To Save A Drowning Witch. Ny vokal vart kombinert med tidlegare innspelte songar og ny Synclavier-musikk. I tillegg vart to nye songar spelt inn.[3]

Zappa prøvde å produsere Thing-Fish som ein Broadway-produksjon.[1] I marknadsføringa av den planlagte musikalen, vart det teke bilete av ein scene basert på «Briefcase Boogie» for det pornografiske magasinet Hustler, i lag med utdrag av soga-[4] Sekvensen var 28 sider lang.[5] Albumet vart gjeve ut, men Zappa klarte ikkje å få tak i 5 millionar dollar som måtte til for å produsere musikalen, og skrinla prosjektet.[1] Albumet vart tilpassa for ein mindre sceneproduksjon i England i 2003.[6]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Thing-Fish vart gjeven ut av Barking Pumpkin Records, som vart distribuert av MCA Records.[1][7] MCA laga eit testtrykk av trippelalbumet, men trekte seg attende etter at ei kvinne i kvalitetskontrollavdelinga vart støytt av innhaldet på albumet.[1][7]

Det vart raskt laga ein avtale med EMI Records, som tillet Them Or Us og Thing-Fish å bli distribuert av Capitol Records i USA.[1][7] Zappa skreiv ei «åtvaring» på innsida av desse albuma, i tillegg til Frank Zappa Meets the Mothers of Prevention, som sa at albumet hadde innhald «som eit verkeleg fritt samfunn verken ville frykte eller undertrykke», og ein «garanti» som sa at teksten ikkje ville «føre til evig pinsle i ein stad der fyren med horn og spiss stav bur».[1][7] Thing-Fish vart gjeve ut som dobbel-CD i 1986 av Rykodisc[3] og så remastra i 1995 (med ny vokal på «Wistful Wit A Fistful» og «He's So Gay») òg av Rykodisc.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]

Thing-Fish fekk dårleg kritikk då det kom ut. Mykje av kritikken gjekk på at mange av songane var henta frå tidlegare innspelingar, og mange såg ikkje på det som noko anna enn eit samlealbum.[3]

I nyare tid er albumet sett i betre lys. Kevin Courrier skildra det i Dangerous kitchen: the subversive world of Zappa som «eit kompendium av Zappa sine mest tydelege åtak på politisk og seksuell hykleri i amerikansk kultur, samla saman i ein enorm salve».[8] I Frank Zappa and musical theatre: ugly ugly o'phan Annie and really deep, intense, thought-provoking Broadway symbolism, vert Thing-Fish skildra som «eit usedvanleg døme på bricolage».François Couture skreiv for Allmusic at Thing-Fish var Zappa sitt «mest kontroversielle, misforståtte, oversette album», men at det ikkje var eit meisterverk.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Prologue»   2:56
2. «The Mammy Nuns»   3:50
3. «Harry & Rhonda»   3:36
4. «Galoot Up-Date»   5:29
15:51
Side to
# Tittel Lengd
1. «The 'Torchum' Never Stops»   10:32
2. «That Evil Prince»   1:17
3. «You Are What You Is»   4:31
16:20
Side tre
# Tittel Lengd
1. «Mudd Club»   3:17
2. «The Meek Shall Inherit Nothing»   3:14
3. «Clowns On Velvet»   1:38
4. «Harry-As-A-Boy»   2:51
5. «He's So Gay»   2:48
13:48
Side fire
# Tittel Lengd
1. «The Massive Improve'lence»   5:07
2. «Artificial Rhonda»   3:30
3. «The Crab-Grass Baby»   3:48
4. «The White Boy Troubles»   3:35
16:00
Side fem
# Tittel Lengd
1. «No Not Now»   5:50
2. «Briefcase Boogie»   4:10
3. «Brown Moses»   3:02
13:02
Side seks
# Tittel Lengd
1. «Wistful Wit a Fist-Full»   3:53
2. «Drop Dead»   7:56
3. «Won Ton On»   4:20
16:09

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Rollefigurar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Barry Miles (september 2005). Zappa: A Biography. GROVE/ATLANTIC Incorporated. s. 317. ISBN 978-0-8021-4215-3. Henta 23. august 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Kelly Fisher Lowe (2007). The Words and Music of Frank Zappa. U of Nebraska Press. s. 188. ISBN 978-0-8032-6005-4. Henta 23. august 2014. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 {{cite web |url=Thing-FishAllmusic. Henta 2009-12-23.
  4. Peter Buckley (2003). The Rough Guide to Rock. Rough Guides. s. 2244. ISBN 978-1-85828-457-6. Henta 23. august 2014. 
  5. Allan MacDonell (2006). Prisoner of X: 20 Years i Hole at Hustler Magazine. Feral House. s. 79. ISBN 978-1-932595-13-0. Henta 23. august 2014. 
  6. Thing-Fish – The Return of Frank Zappa, The British Theatre Guide, http://www.britishtheatreguide.info/otherresources/interviews/Thing-Fish.htm . Henta 15. mai 2014.
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Zappa, Frank with Occhiogrosso, Peter (1989). The Real Frank Zappa Book. New York: Poseidon Press. s. 278–279. ISBN 0-671-63870-X. 
  8. Kevin Courrier (juni 1, 2002). Dangerous kitchen: the subversive world of Zappa. ECW Press. Henta 23. august 2014.