You Are What You Is

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
You Are What You Is
Studioalbum av Frank Zappa
Språk engelsk
Utgjeve 23. september 1981
Innspelt juli–september 1980
UMRK
Sjanger hardrock, progressiv rock, komedierock
Lengd 67:11
Selskap Barking Pumpkin
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi 
Return of the Son of Shut Up 'n Play Yer Guitar
(1981)
You Are What You Is Ship Arriving Too Late to Save a Drowning Witch
(1982)
Singlar frå You Are What You Is
  1. «Harder Than Your Husband»
    Utgjeve: 1981
  2. «You Are What You Is»
  3. «Goblin Girl»
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]

You Are What You Is er eit dobbeltalbum av Frank Zappa. Det vart opphavleg gjeve ut i 1981 som ei dobbel vinylplate og sidan av Rykodisc som ein 20 songar lang CD.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Etter utgjevinga av Joe's Garage bygde Frank Zappa eit heimestudio, Utility Muffin Research Kitchen, og planla utgjevinga av eit trippelt konsertalbum kalla Warts and All. Då Warts and All var nesten ferdig, meinte Zappa det hadde blitt for tungvint på grunn av lengda, og skrinla albumet. Seinare sette han i gang med Crush All Boxes.[2][3] Zappa valde å skrinlegge dette albumet òg, og gav ut songar frå både Warts and All og Crush All Boxes, for albuma You Are What You Is, Tinseltown Rebellion og konsertalbumseriane Shut Up 'N Play Yer Guitar and You Can't Do That On Stage Anymore.[3]

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

Som eit konseptalbum, er somme av songane knytte saman, men albumet har ikkje eit samla konsept. Tittelsporet «You Are What You Is» er ein livleg poprocksong som det vart laga musikkvideo til i 1984. Kritikarane hevda dette var det mest politiske albumet hans sidan We're Only In It For The Money. [4]

«Harder Than Your Husband» er ein countrysong sungen av Jimmy Carl Black som brukte å spele med Zappa i The Mothers of Invention. Songen handlar om slutten av eit utanomekteskapeleg forhold der han syng «I can be harder than yer husband/To get along with/Harder than yer husband every night». Dobbeltydinga av ordet «harder» er tydeleg: han kan vere valdeleg, men og betre i senga.[5] «Doreen» handlar om ein mann som desperate ynskjer å ha sex med kjærasten sin. «Doreen...don't make me wait/Til tomorrow.../Let me love you tonight». Songen vert spelt som ein doo-wop-song.[6] «Goblin Girl» spelar utelukkande på orda goblin (nisse)/gobbling (sluke). Ei «Goblin Girl» er ei jente som er god til oralsex og heile teksten følgjer denne doble tydinga. Songen vart gjeven ut som singel, men vart lite spelt på radio. Songen vart sidan gjeven ut på albumet Have I Offended Someone?[7]. «Theme From the 3rd Movement of Sinister Footwear» er basert på den første biten av «Sinister Footwear». «Society Pages» er eit åtak mot dei mektige (rike) folka som regjerer i småbyar.[8] «Society Pages», «I'm a Beautiful Guy», «Beauty Knows No Pain», «Charlie's Enormous Mouth», «Any Downers?» og «Conehead» vart alltid framført i lag som ein suite.

Tittelsporet handlar om at folk er betre enn dei trur dei er. Songen vart gjeven ut som B-side til hitsingelen «Valley Girl» i 1982. Det vart laga ein video for songen som vart synt på MTV og som finst i samlinga Videos From Hell. «Dumb All Over» omhandlar organisert religion og vert framført som ein rimande monolog, nesten på rappande vis, om at alle er like dumme, verken religiøse fanatikarar, televangelsitar og kristne frikar er betre enn personane dei prøver å omvende. Zappa konkluderer med at sidan Gud laga alle i sitt bilete, «If we're dumb/Then God is dumb/(An' maybe even a little ugly on the side).»[9] Songen vart sidan gjeven ut på samlealbumet Have I Offended Someone?.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart først gjeve ut på LP av Barking Pumpkin Records (distribuert av CBS) i 1981. Det kom òg ut på eit (no særs sjeldan) 8-sporslydband. Det vart gjeve ut på CD av både Ryko og Zappa Records CD i 1990, og vart standardisert under Ryko i 1995. Den digitale masteren for CD-utgåva leid under overbruk av digitale teknikkar som kompresjon og klang og inneheldt ein forkorta versjon av «Dumb All Over». I 1998 vart det gjeve ut ein ny versjon på CD med betre digital lyd, inkludert den nesten fulle versjonen av «Dumb All Over».[10]

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Teen-Age Wind»3:02
2.«Harder Than Your Husband»2:28
3.«Doreen»4:44
4.«Goblin Girl»4:07
5.«Theme from the 3rd Movement of Sinister Footwear»3:34
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Society Pages»2:27
7.«I'm a Beautiful Guy»1:56
8.«Beauty Knows No Pain»3:02
9.«Charlie's Enormous Mouth»3:36
10.«Any Downers?»2:08
11.«Conehead»4:24
Side tre
Nr.TittelLengd
12.«You Are What You Is»4:23
13.«Mudd Club»3:11
14.«The Meek Shall Inherit Nothing»3:10
15.«Dumb All Over»5:45
Side fire
Nr.TittelLengd
16.«Heavenly Bank Account»3:44
17.«Suicide Chump»2:49
18.«Jumbo Go Away»3:43
19.«If Only She Woulda»3:48
20.«Drafted Again»3:07

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Amy Bernstein – omslag
  • George Douglas – assiserande lydteknikar
  • Jo Hansch – mastering
  • John Livzey – fotografi
  • Thomas Nordegg – lydteknikar
  • Mark Pinske – lydteknikar
  • Allen Sides – lydteknikar
  • Dennis Sager – digital lydteknikar
  • Bob Stone – remixing, digital remastering
  • John Vince – omslag, grafisk design
  • Frank Zappa – produsent

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1981 Pop Albums 93[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]