Immigration Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Immigration Man
Singel av Crosby & Nash
frå albumet Graham Nash David Crosby
B-side Whole Cloth
Utgjeve Mars 1972
Sjanger Rock
Lengd 3:02
Selskap Atlantic Records
Låtskrivar(ar) Graham Nash
Produsent David Crosby, Graham Nash, Bill Halverson
Crosby & Nash-kronologi
Immigration Man «Southbound Train»


«Immigration Man» er ein song skriven av Graham Nash og spelt inn av David Crosby og Graham Nash. Songen kom ut på singel i mars 1972, som den første singelen frå debutalbumet til duoen, Graham Nash David Crosby. Singelen nådde 36. plassen på Billboard Hot 100, og er den einaste topp 40-hitten deira som ein duo.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Nash skreiv «Immigration Man» om ei hending han hadde hatt i den amerikanske tollen då han prøvde å kome inn i landet. Tollstyresmaktene heldt han attende, og først då folk byrja å kome fram til Nash for å få ein autograf, sleppte Nash gjennom. Men han vart verande sint for måten han var blitt handsama på. Nash vart amerikansk statsborgar i 1978.

Musikken i «Immigration Man» er mellomrask vestkyst-rock i same stil som Crosby, Stills and Nash eller Buffalo Springfield. Gitarsoloen vert spelt av Dave Mason.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]