Insekttåka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubble-bilete av Insekttåka. Raudt representerer ionisert nitrogen.[1]

Insekttåka (katalogisert NGC 6302) er ei planetarisk tåka som ligg rundt 4000 lysår unna jorda i stjernebiletet Skorpionen.[1] Ho er ei av dei mest lyssterke og ekstreme planetariske tåkene ein kjenner til, og i sentrum av ho ligg det ei supervarm stjerna med ein temperatur på minst 250 000 °C.[1]

Kjemisk samansetnad[endre | endre wikiteksten]

Observasjonar gjorte med ESA sitt Infrared Space Observatory (ISO) viste at tåka inneheldt hydrokarbon, karbonat som kalsitt og vassis og jern. Tilstadeveringa av karbonat er interessesant for forskarar då ein i solsystemet reknar dei som sikre bevis på at det vore flytande vatn tilstades, då karbonat blir danna ved at karbondioksid løyser seg opp i flytande vatn og dannar sediment. At karbonat likevel er funne i tåka der det ikkje har vore flytande vatn tyder på at karbonat kan bli danna på andre måtar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]