Framande artar
Framande artar er artar, underartar eller lågare takson som opptrer utanfor sitt naturlege utbreiingsområde eller spreidingspotensiale; omgrepet omfattar alle livsstadium som har potensiale til å overleve og formeire seg. Dersom dei skader økosystemet blir dei kalla ein invasiv art.
Omgrepet har avløyst omgrepet introdusert art, sidan ordet introdusert indikerer ein aktiv handling, medan ordet framand ikkje seier noko om korleis arten er spreidd.
Framande artar kan særleg ha store konsekvensar for økosystem på øyar som tidlegare har vore isolerte.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]I Noreg fører Artsdatabanken opp framande artar i Fremmedartlista. I Norsk svarteliste 2007 hadde han risikovurdert 217 av 2483 registrerte framande artar.
Døme
[endre | endre wikiteksten]Nokre artar, som brunrotte, gråspurv, fasan og stare, er blitt innførte over store delar av verda. I tillegg kjem innførte tamdyr som ofte blir ville: Kaninar, hundar, geiter, grisar og kattar.
-
Brun skogsnigel, også kalla mordarsnigel, er ein framand art i Noreg.
-
Fasan har blitt teken frå opphavområde i Asia til store delar av verda.
-
Spisslønn er ein innført og utbreidd art i Canada.
-
Caulerpa taxifolia, også kalla mordargalgen, er ein innført art i Middelhavet.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- www.artsdatabanken.no/ - Norsk svarteliste 2007 Arkivert 2007-06-11 ved Wayback Machine.
- Invasjonen vi ikkje kan hindre - Forskning.no Arkivert 2007-06-07 ved Wayback Machine.