Iryna Taranenko
Iryna Taranenko | |
Statsborgarskap | Ukraina |
Fødd | 31. mars 1966 (59 år) Derhatsji |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, Ski-VM 1993, Ski-VM 1995, Ski-VM 1997, Ski-VM 1999, Ski-VM 2001, Ski-VM 2003 |
Iryna Leonidivna Taranenko, gift Terela, (fødd 31. mars 1966) er ein ukrainsk tidlegare langrennar frå Derhatsji i Kharkiv oblast. Ho vann bronsemedaljen på jaktstarten under Ski-VM 1999 i Ramsau am Dachstein.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Taranenko deltok i tida 1993-2003 i alle dei store langrenns-meisterskapane. I Ski-VM 1993 i Falun kom ho på niandeplassen på tremila, fire år seinare vart ho nummer 11 på same distansen då verdsmeisterskapen fann stad i Trondheim. Sesongane 1998 og 1999 blanda Taranenko seg inn i medaljestriden i fleire av tevlingane under Vinter-OL i Nagano og i verdsmeisterskapen i Ramsau. I Nagano kleiv ho frå startnummer 11. til 4. plass på jaktstarten, ho vart også nummer 4 på 15 km. I verdsmeisterskapen 1999 i Ramsau vart ho nummer 7 på 5 km, før ho på jaktstarten sikra seg bronsemedaljen, bak Stefania Belmondo frå Italia og Nina Gavriljuk frå Russland. Taranenko avslutta Ramsau-VM med å verte nummer 5 på tremila. Etter 1999 makta ho ikkje å markere seg øvst på resultatlistene, niandeplassen på 15 km under vinterleikane 2002 i Salt Lake City var hennar beste meisterskapsprestasjon.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Iryna Taranenko» frå Wikiedia på polsk, den 24. mars 2019.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Iryna Taranenko – Profil og resultatoversikt hos FIS
- «Iryna Taranenko-Terelia» (på engelsk). olympedia.org. Henta 12. februar 2023.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1966
- Ukrainske langrennsløparar
- Ukrainske deltakarar under vinter-OL 1994
- Langrennsløparar under vinter-OL 1994
- Ukrainske deltakarar under vinter-OL 1998
- Langrennsløparar under vinter-OL 1998
- Ukrainske deltakarar under vinter-OL 2002
- Langrennsløparar under vinter-OL 2002
- Deltakarar under Ski-VM 1993
- Deltakarar under Ski-VM 1995
- Deltakarar under Ski-VM 1997
- Deltakarar under Ski-VM 1999
- Deltakarar under Ski-VM 2001
- Deltakarar under Ski-VM 2003