Hopp til innhald

Isaak Babel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Isaac Babel)
Isaak Babel

Fødenamn Исаак Бабель
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Sovjetunionen
Fødd 13. juli 1894
Odesa
Død

27. januar 1940 (45 år)
Butyrka prison

Yrke omsetjar, journalist, manusforfattar, skodespelforfattar, skribent, prosaforfatter, redaktør, krigskorrespondent, militær, filmregissør, novelleforfattar
Sjanger prosa, novelle, litterær skisse, skodespel
Ektefelle Antonina Pirozjkova
Signatur
Isaak Babel på Commons

Isaak Babel (13. juli 189427. januar 1940) var ein sovjetisk journalist, dramatikar og novelleforfattar som av nokre blei hylla som «den største prosaforfattaren til den russiske jødedomen».[1] Babel deltok i den russiske borgarkrigen på sida til Den raude hæren. Han blei fengsla i 1939, skulda for antisovjetisk verksemd, og avretta dagen etter ei summarisk rettssak.[2] Han blei rehabilitert på 1950-talet. Verk av han blei brende på bokbåla rundt om i Nazi-Tyskland i 1933.

Tidlege år

[endre | endre wikiteksten]

Babel var fødd i ein jødisk familie i Odessa i ein periode med sosial omvelting og jødisk masse-emigrasjon frå Russland. Han overlevde pogromen i 1905 ved hjelp av kristne naboar som gøymde familien, men grandonkelen hans Sjoyl var ein av dei cirka 300 jødane som blei drepne.[3]

For å koma inn på den førebuande klassen ved Nikolaj I Odessa Handelsskole måtte Babel koma innanfor kvoten for jødiske studentar (10 % innan grenseområdet der jødar først og fremst var busette, 5 % utanfor og 3 % for begge hovudstadene), men til trass for at han hadde tilstrekkelege gode karakterar blei plassen gjeven til ein annan gut. Faren hans hadde bestukke skulestyresmaktene. Babel fekk undervising heime i eit år og gjekk gjennom to klassetrinn på den tida. Utanom dei vanlege skulefaga studerte han Talmud og musikk. Inspirert av læraren sin i fransk og fransk litteratur sette han stort pris på Flaubert og Guy de Maupassant, og dei første eigne historiene sine skreiv han på fransk.

Etter eit mislukka forsøk på å koma inn på universitetet i Odessa (igjen på grunn av kvoter) byrja Babel ved finans- og handelsinstituttet i Kiev. Der møtte han den komande kona si, Jevgenia Gronfein.

Tidleg karriere

[endre | endre wikiteksten]

Babel tok eksamen i 1915 og flytta til Petrograd (i dag St. Petersburg), til trass for lovar som avgrensa jødar til å bu i det fastlagde grenseområdet. I hovudstaden møtte han den russiske forfattaren Maksim Gorkij, som gav ut nokre av forteljingane hans i det litterære magasinet sitt Letopis' (Летопись, 'Krønike'). Gorkij gav den unge forfattaren råd om å skaffa seg meir livserfaring, og Babel skreiv i sin sjølvbiografi: «...Eg har alt å takka for dette møtet og seier enno Aleksej Maksimovitsj (Gorkij) sitt namn med kjærleik og beundring.» Ei av hans mest kjende sjølvbiografiske novellene hans, 'Historia om dueslaget mitt' (История моей голубятни), dediserte han til Gorkij.

Sensorane rekna historia hans 'Baderomvindauget' som obskøn, og Babel blei skulda for brot mot straffelovens artikkel 1001.

Dei neste sju åra kjempa Babel på kommunistsida i den russiske borgarkrigen, arbeidde i Tsjekaen som omsetjar for kontraspionasjen i Odessa, i matrekvisisjonen, i Narkompros (Undervisingskommissariatet), i eit typografisk trykkeri og som nyhendereporter i Petersburg og Tbilisi. Han gifta seg med Jevgenia Gronfein i Odessa 9. august 1919.

Under den russiske borgarkrigen blei Babel plassert i den første kavaleriarméen og opplevde den polsk-sovjetiske krigen i 1920. Babel dokumenterte det grusame opplevingane sine i Dagbok 1920 (Konarmejskij Dnevnik 1920 Goda), som han seinare nytta til å skriva Rytterarméen (Конармия), ei samling noveller som 'Kryssinga av elva Zbrucz' og 'Mi første gås'. Valden i det fyrste kavaleriet verkte å stå i kontrast til Babel sin eigne milde natur.

Babel skreiv: «Først i 1923 har eg lært meg å uttrykkja mina tankar på ein klar og ikkje altfor omstendeleg måte. Deretter gjenopptok eg skrivinga.» Fleire historier som seinare blei tekne med i Rytterarméen blei gjevne ut i Vladimir Majakovskij sitt tidsskrift LEF (ЛЕФ) i 1924. Babel sine oppriktige skildringar av den brutale røyndomen til krigen, i kontrast til revolusjonsromantikken, skaffa han nokre mektige fiendar, blant anna sjefen for den fyrste kavaleriarmeen Budyonny, men Gorkij sine inngrep bidrog til å redda boka, og ho blei snart omsett til mange språk.

Attende i Odessa byrja Babel å skriva Forteljingar frå Odessa, ein serie noveller som fann stad i gettoen Moldavanka i Odessa, der han var fødd. Han skildra livet til jødiske gangsterar før og etter oktoberrevolusjonen i 1917. På denne tida møtte Babel Ilja Ehrenburg, og dei blei tidleg vener. Han heldt fram med å skriva noveller og vann ry på 1920-talet. Kona hans emigrerte til Paris i 1925, og der blei dottera Nathalie fødd.

Konfliktar med styresmaktene

[endre | endre wikiteksten]

Babel reiste rundt i Ukraina i 1930 og vitna om den brutale kollektiviseringa og den framtvinga hungersnauden kjend som Holodomor. Då Stalin stramma grepet om sovjetisk kultur på 1930-talet, og spesielt med framvoksteren av den sosialistiske realismen, trekte Babel seg meir og meir tilbake frå det offentlege livet. Under den stalinistiske kampanjen mot formalismen innan kunsten blei Babel kritisert for påstått «estetisisme» og låg produktivitet. Ved den første kongressen til det sovjetiske forfattarforbundet (1934), noterte Babel ironisk at han heldt på å bli «meister i ein ny litterær sjanger, sjangeren stille.»

Etter fleire søknader fekk han løyve til å vitja familien sin i Frankrike, og i 1935 heldt han ein tale for den antifascistiske Internasjonale forfattarkongressen i Paris. Etter at han vende tilbake samarbeidde han med Sergej Eisenstein om filmen Bezjins eng og arbeidde med manus til andre sovjetiske filmar.

Arrestasjon og død

[endre | endre wikiteksten]
NKVD sine foto av Babel etter arrestasjonen

Etter at Gorkij døydde i 1936 konstaterte Babel: «No kjem dei å koma etter meg». Han hadde òg hatt ei forhold til kona til NKVD-sjefen Jezjov, og då Jezjov mista makta gjekk det likt med henne og alle elskarane hennar - inklusive Babel».[4]

I mai 1939 blei han arrestert ved datsjaen i Peredelkino og avhøyrd under tortur i Lubjanka. Etter ei framtvinga tilståelse blei Babel stilt for ein domstol som bestod av ein troika frå NKVD og blei dømd for å ha spionert samstundes for franskmennene, austerrikarane og Leo Trotskij, som «medlemskap i ein terroristorganisasjon.» Sjølv om Babel tilstod under tortur blei det uttalt at «då han innsåg at han gjekk mot dommedagen sin, trekte han tilbake tilståinga si», men «det hadde inga tyding.» I januar 1940 blei han skoten i Butyrka-fengselet.[4] Sambuaren hans, Antonina Pirozjkova (Антонина Пирожкова), fekk ikkje vita noko om skjebnen hans før etter 15 år.[5]

Ifølgje den tidlege offisielle sovjetiske versjonen døydde Babel i ein fangeleir i Sibir 17. mars 1941. Arkivet og manuskripta hans blei konfiskerte og øydelagde av NKVD.

Rehabilitering og arv

[endre | endre wikiteksten]

Den 23. desember 1954, under lettingane til Khrusjtsjov, blei det kunngjort at Babel var blitt reinvaska frå alle tiltaler «på grunn av mangel på grunnar». Verka hans blei likevel aldri gjevne ut i usensurert form før etter at Sovjetunionen braut saman.

Dottera hans, Nathalie Babel Brown, kom til å blei ein av dei fremste kjennarane i verda på livet og verket til faren. Då dei samla verka hans blei gjevne ut i 2002, redigerte ho binda og skreiv forordet.

Babels sitt drama Marija, eit portrett av dei skitne sidene ved det sovjetiske samfunnet, førte til at Gorkij klandra Babel for å ha ein «Baudelairesk forkjærlegheit for rote kjøt». Gorkij åtvara vidare venen om at «politiske konklusjonar» ville trekkjast «som kjem til å vera personleg skadelege for deg». Sjølv om det var planlagd å framføra verket ved Moskvas Vakhtangov teater innstilte NKVD oppføringa av dramaet under generalprøva i 1935. Verket var svært populært på vesteuropeiske høgskular på 1960-talet, men det blei likevel ikkje oppført i Babel sitt heimland før i 1994. Den amerikanske premieren på stykket fann stad ved Stanford i 2004.[6]

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Конармейский дневник 1920 года, engelsk omsetjing: 1920 Diary (norsk 'Dagbok 1920'), ISBN 0-300-09313-6
  • Конармия, Konarmija (1926): Rytterarméen (norsk utgåve 1963)
  • Одесские рассказы (1926). Utgitt på norsk i Marit Bjerkeng si omsetjing av Oktober forlag i 2014, under tittelen Fortellinger fra Odessa.[7]
  • Закат ('Solnedgang'). Skodespel, skrive 1926, oppført 1927, utgjeve 1928)
  • Benya Krik, manus (1926) (filma i Ukraina og tilgjengeleig på DVD fra National Center for Jewish Film)
  • Мария, Marija, skodespell (utgitt 1935, ikkje oppført i Sovjetunionen, omsett til norsk i 1970)
  • You Must Know Everything, Stories 1915-1937, omsett av. Max Hayward, red. med kommentarer av Nathalie Babel, Farrar Straus and Giroux, New York, 1966.
  • The Complete Works of Isaac Babel, oms. Peter Constantine, red. Nathalie Babel, introduksjon Cynthia Ozick, Norton, New York, 2002.
  • Isaac Babel's Selected Writings. Norton Critical Edition]. Gregory Freidin, red., introduksjon, annotasjon, kronologi; Peter Constantine, omsetjing. W.W. Norton, 2009
  1. Neither and Both; anthology. Joshua Cohen. The Forward, Arts & Culture; S. B2. 6. juli 2007
  2. Morgenbladet, 6. februar 2015 s.50.
  3. Odessa Pogroms Arkivert 2007-01-21 ved Wayback Machine.. Center of Jewish Self-Education "Moria" och American Jewish Joint Distribution Committee
  4. 4,0 4,1 The Complete Works of Isaac Babel "ISAAC BABEL; BOOK OF A LIFETIME," Simon Sebag Montefiore, Arts & Book Review, 1. Juni 2007.
  5. Pirožkova, Antonina Nikolaevna (1996). At his side: the last years of Isaac Babel. South Royalton, Vt.: Steerforth.
  6. Michelle Keller: Babel’s ‘Maria’ makes U.S. debut at Pigott[daud lenkje] The Stanford Daily, 27. februar 2004.
  7. «Fortellinger fra Odessa - omtale på Oktober forlags nettsider». Oktober forlag. Henta 11.09.2016. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Isaak Babel