Ishockey-VM 1999

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart med deltakarlanda i grønt

Verdsmeisterskapen i ishockey 1999 vart arrangert i Oslo, på Hamar og Lillehammer i Noreg i tida frå 1. til 16. mai 1999. Tsjekkia vart verdsmeister, Finland tok sølv og Sverige bronse.

Dei 16 deltakarlanda i meisterskapen opna med gruppespel i fire grupper à fire lag. Dei to beste laga i kvar av gruppene gjekk så vidare til eit mellomspel med to grupper à fire lag. Nummer 1 og 2 i mellomspelgruppene møttest til semifinalekampar, laga best etter to oppgjer gjekk til finalespel. Finalespelet vart avvikla med to kampar mellom semifinalevinnarane.

Finalekampane[endre | endre wikiteksten]

Tsjekkia vann det fyrste finaleoppgjeret i Håkons Hall på Lillehammer med 3-1. Dagen etter stod det 4-1 til Finland då 60 minutts speletid var over. Dermed stod laga likt i kampsigrar, og det vart lengd speletid for å kåre ein verdsmeister. Fyrst etter 16.32 minutt kom den avgjerande skåringa då Tsjekkias Jan Hlavac utnytta ein finsk miss.

Gullmedalje frå Ischockey-VM 1999

Tsjekkia sitt meistermannskap[endre | endre wikiteksten]

  • Målvakter: Roman Čechmánek, Milan Hnilička, Martin Prucek
  • Forsvarar: František Kučera, Libor Prochazka, Jaroslav Spacek, Ladislav Benisek, František Kaberle, Pavel Kubina, Jiři Vykokal
  • Løparar: David Voborny, Pavel Patera, Victor Ujcik, Petr Sykora, Radek Dvořak, Roman Meluzin, Martin Procházka, David Moracek, Tomas Vlasak, Martin Rucinsky, Jan Hlavac, Roman Simmicek, Tomas Kucharski, Jan Caloun,

Sverige sigra i bronsefinalen med 3-2 mot Canada.

Arrangørlandet Noreg enda på 12. plass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]