Ivar Aasen-museet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Den gamle stova der museet held til i mest 50 år.

Ivar Aasen-museet var eit museum som låg i Hovdebygda i ØrstaSunnmøre. Etter Ivar Aasen sin død, 23. september 1896, var det Johannes Belsheim som tok seg av dødsbuet. Han var ein av Ivar Aasen sine nære medarbeidarar. Universitetsbiblioteket tok seg av handskriftsamlinga. Slektningane i Åsen vart same hausten samde om å taka vare på bøkene og andre gjenstandar. Dei sette opp denne erklæringa: «Underskrivne ervinger etter Ivar Aasen er samde um at bøkerne og anna "bohave" etter han ikkje skal seljast eller bytast; men vert flutt heim paa fødestaden hans Aasen, og der vert gøymt til minne um fagnamannen som der var fødd. Solenge som Aase-mannen tek vare paa desse egnaluterne paa forsvarleg måte, skal denne raadgjeri standa ved lag.» [1] Med dette la dei grunnlaget for det første personmuseet i Noreg.

Bonde i Åsen var då Rasmus Jonson Aasen. Han var brorson til Ivar Aasen. Det var likevel son hans, Jon Rasmusson Aasen, som gjekk i brodden for museet. Dødsbuet, i alt 25 kolli, vart send med båt til Volda kring årsskiftet 1896/97. Jon Aasen kjøpte eit lite stovehus på Heltne i Volda og flytte det til Åsen i 1897. Her vart Ivar Aasen-museet verande til 1946. Etter initiatv frå Anders Vassbotn vart det i 1898 reist ein bautastein til minne om Ivar Aasen like ved huset.

Dei første 60 åra var museet eit familieforetak. Folket på garden, særleg husmora, tok seg av tilsyn og omvisinga. Åsen-tunet vart ein mykje brukt stemneplass. Ved 100-års feiringa av Ivar Aasen sin fødsel skal om lag 8000 menneske ha vore til stades. Jon Aasen såg at den gamle stova ikkje var rette staden for samlinga. På 1930-talet tok han til å arbeide for eit eldfast hus. Han fekk mange med seg om dette. Andre meinte at museet burde flyttast til Sunnmøre Museum i Borgundgavlen i dåverande Borgund kommune (no Ålesund). I mars 1940 løyvde Stortinget 10 000 kroner til eit nytt hus. Krigen hindra vidare arbeid. Først 4. august 1946 vart det nye museet opna. Huset var på 70 m² i ein etasje. I tillegg til dei to museumsbygningane høyrde og den gamle buda i Åsen med til museet. Ho stod, på ein litt annan stad, i Ivar Aasen si tid på garden.

I 1941 vart det bestemt at museet skulle ha eige styre oppnemnt av høvesvis Kyrkje- og undervisningsdepartementet, Ørsta kommune, Sunnmøre museum og Aasen-huslyden. Det kom ikkje på plass før 1956. Styreleiarane Karl Straume (1956-68) og Jens Kåre Engeset (1968-2000) gjorde båe viktig arbeid for museet.

I 1987 donerte Aasen-forskar Reidar Djupedal boksamlinga si på om lag 12 000 bind til Ivar Aasen-museet.

Museet og samlingane vart i 2000 overteke av Nynorsk kultursentrum, og vert i dag teke hand om av Ivar Aasen-tunet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. J. K. Engeset:Glimt frå soga til Ivar Aasen-museet 1897-2000 side 11

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Jens Kåre Engeset:Glimt frå soga til Ivar Aasen-museet 1897-2000 Nynorsk kultursentrum 2003