Jærhus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jærhus på Garborg i Time kommune. Barndomsheimen til forfattaren Arne Garborg.
Foto: Gunleiv Hadland, 2005

Jærhus er ein type hus som er rekna som typisk for Jæren i Rogaland fylke. Hustypen vart mykje brukt fram mot byrjinga på 1900-talet. Etter kvart vart hustypen rekna som gamaldags, og mange slike hus vart rivne for å gje rom for meir moderne typar. Det finst truleg berre noko over 100 jærhus att. Få av desse er frå tida før 1800, og få er tekne vare på i opphavleg stil.

Husa vart bygde der landskapet kunne gje ly for vinden. Husa vart helst plasserte slik at vinden frå nordvest trefte gavlen, der skutar av stein tok av for det verste. Ein skut er eit utbygg på kvar side av huset. Ein skut har gjerne skråtak og kunne verta nytta som lagringsplass for torv vinterstid. Slik fekk ein ekstra isolering mot naturkreftene. Sjølve huset er gjerne bygd av tre, men med delar kledd med stein. Bordkledinga er gjerne liggjande panel, såkalla vestlandspanel. Slik var det lettare å skifta ut trebord som lett ròtna nede ved bakken i det våte klimaet. I eldre tider vart gjerne bordkledinga tjørebreidd. Seinare tok ein til å måla med brun eller mørkeraud husmåling. Frå kring 1830 vart husa kvitmåla. Kvitmåling var dyrt, slik at mange måla berre fasaden. Taket vart tekt med halm eller gras, og seinare gjerne tegl eller skifer. Dei fleste jærhusa er korte og låge, med ein og ein halv etasje i høgda. I tillegg til skutar har eit typisk jærhus sâltak, inngangsdør med bislag i tillegg til bakdør nokolunde midt på huset. Det er gjerne to vindauge på kvar side av inngangsdøra.

Omgrepet jærhus vart fyrst nytta av samfunnsforskaren Eilert Sundt i 1862.

«Her og der oppetter bakkar og res kryp låge hus ihop i småkrullar som søkjande livd. I den tette lufta hildrar dei seg halvt bort, sveiper seg i torvrøyk og havdis som i ein draum; stengde og stille ligg dei burtetter viddene som tusseheimar. Rundt husa skimtar det fram bleike grøne flekkar av åker og eng som øyar i lyngvidda; kvar bite og kvar lapp er avstengd og innlødd med steingjerde som lange røyser. I desse heimane bur folket.»

Fred (1892) av Arne Garborg
Communauté silhouette modif.jpg

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]