Jack in the Box av Clodagh Rodgers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Jack in the Box»
Song av Clodagh Rodgers
Land Storbritannia
Språk Engelsk
Utgjeve 1971
Sjanger Pop, slager
Lengd 03:01
Selskap RCA[1]
Låtskrivar(ar) John Worsley, David Myers
Produsent Kenny Young

«Jack in the Box» ('troll i eske') er ein britisk popsong frå 1971. Songen vart skriven av John Worsley, mens David Myers skreiv teksten. Songen vart framført av den nordirske songaren Clodagh Rodgers, og var det britiske bidraget i Eurovision Song Contest 1971, der han enda på ein fjerdeplass.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

20. februar 1971 framførte Clodagh Rodgers seks songar i den nasjonale britiske finalen, A Song for Europe, som vart sendt i BBC1-serien It's Cliff Richard.

Rodgers vart vald av BBC til å representere Storbritannia i Eurovision Song Contest 1971, blant anna i eit forsøk i å lette spenninga mellom protestantane og katolikkane i Nord-Irland[2][3] Rodgers var sjølv frå Nord-Irland, som på denne tida var prega av eit valdeleg og anstrengd forhold mellom dei religiøse gruppene. Den internasjonale finalen skulle dessutan haldast i Dublin i Irland, og BBC frykta at den britiske representanten ville bli utsett for protestaksjonar. Rodgers har seinare hevda at ho mottok drapstrugslar frå IRA dersom ho representerte Storbritannia i Eurovision Song Contest.[2][4][5]

På grunn av streik i det britiske postverket[6] røysta regionale juryar i den britiske finalen, og dei valde «Jack in the Box» som vinnar av den britiske finalen. Songen vart dimed det britiske bidraget til den internasjonale finalen 1971. Eurovision Song Contest 1971 var det fyrste året der kringkastarane måtte produsere førehandsvisningsvideoar til tevlinga. BBC brukte opptak frå den nasjonale finalen It's Cliff Richard.

I Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I Dublin vart «Jack in the Box» framført som det niande bidraget laurdag 3. april 1971, etter Monique Melsen frå Luxembourg med «Pomme, pomme, pomme», og før Lily Castel og Jacques Raymond frå Belgia med «Goeiemorgen, Morgen». Under framsyninga var Rodgers kledd i rosa, rysjete topp og paljett-hotpants.[5]

I avrøystinga fekk «Jack in the Box» 98 poeng, og enda på fjerdeplass av 18 deltakarar.[7]

Teksten[endre | endre wikiteksten]

Songen uttrykkjer songaren sine sterke kjensler overfor ein mann som behandlar ho som eit leiketøy, derav samanlikninga med eit troll i eske. Dersom han gjengjelder kjærleiken hennar, kjem ho til å sprette av glede – som eit troll i eske.[8]

Songen vart brukt i fleire av sketsjane i Monty Python's Flying Circus-episoden Cycling Tour. Der trur ein skadd bilist at han er Clodagh Rodgers. Songen vart også spela på radioen under ei scene i Frankrike, og på slutten av episoden dansar to monster til songen i ein Terry Gilliam-animasjon.[9]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Clodagh Rodgers gav ut «Jack in the Box» på singelen RCA Victor 74-16066 i 1971. Singelen var arrangert og vart dirigert av Johnny Anthey.[10]

Norsk versjon[endre | endre wikiteksten]

Arne Bendiksen har skrive ein norsk tekst. Den norske tittelen er «Sim-sala-bim». Kirsti Sparboe gav den ut på singlen Triola TN 610 i 1971.[11]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Høgaste
plassering
Veker
på lista
Debutdato
 Belgia, Flandern (Ultratop)[12] 3 7 10. april 1971
 Belgia, Flandern (Ultratop)[13] 36 4 10. april 1971
 Irland (Irish Singles Chart)[14] 5 6 3. april 1971
 Storbritannia (UK Singles Chart)[15] 4 10 20. mars 1971
 Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[13][16] 36 5 3. mai 1971

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «'Jack in the Box' – Clodagh Rodgers». discogs.com. Henta 22. februar 2019. 
  2. 2,0 2,1 O'Connor, John Kennedy: The Eurovision Song Contest - The Official History. Carlton Books. Storbritannia. 2007 ISBN 978-1-84442-994-3
  3. tintinhaddock (9. juni 2016). «400 Jack In The Box – Clodagh Rodgers (United Kingdom, 1971)». Eurovision Countdown (på engelsk). Henta 22. februar 2019. 
  4. «Britain's Eurovision Song Contest entries: where are they now?». The Telegraph (på engelsk). 20. februar 2016. ISSN 0307-1235. Henta 22. februar 2019. 
  5. 5,0 5,1 Boyd, Brian. «Eurovision in Dublin, 1971: hotpants, ‘women’s lib’ and boycotts». The Irish Times (på engelsk). Henta 22. februar 2019. 
  6. «1971: Post strike ends with pay deal» (på engelsk). 8. mars 1971. Henta 22. februar 2019. 
  7. «Clodagh Rodgers – Eurovision Song Contest Dublin 1971». eurovision.tv. EBU. Henta 22. februar 2019. 
  8. «Clodagh Rodgers – Jack in the Box lyrics». 4LYRICS (på engelsk). Arkivert frå originalen 22. februar 2019. Henta 22. februar 2019. 
  9. «Monty Python's Flying Circus: Just the Words - Episode 34». www.ibras.dk. Henta 22. februar 2019. 
  10. «Clodagh Rodgers – Jack in the Box». Discogs (på engelsk). Henta 22. februar 2019. 
  11. «Kirsti Sparboe – På en gammel benk / Sim-sala-bim». Discogs (på engelsk). Henta 22. februar 2019. 
  12. «Clodagh Rodgers - Jack In The Box». ultratop.be. Henta 22. februar 2019. 
  13. 13,0 13,1 «Clodagh Rodgers - Jack In The Box». ultratop.be. Henta 22. februar 2019. 
  14. «Jack in the Box (søk 'Clodagh Rodgers' i søkefeltet)». irishcharts.ie. Irish Charts. Henta 22. februar 2019. 
  15. «Jack in the Box | full Official Chart History». www.officialcharts.com (på engelsk). Official Charts Company. Henta 22. februar 2019. 
  16. «Jack in the Box på Offizielle Deutsche Charts». www.offiziellecharts.de. Offizielle Deutsche Charts. Henta 22. februar 2019.