Jackie Joyner-Kersee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jackie Joyner-Kersee
Jackie Joyner-Kersee Eugene 2014.jpg
Fødd 3. mars 1962
East St. Louis
Yrke basketballspiller, friidrettsutøvar
Jackie Joyner-Kersee på Commons

Jacqueline «Jackie» Joyner-Kersee (fødd 3. mars 1962) er ein tidlegare sjukjempar og lengdehoppar frå Illinois i USA. Jackie Joyner-Kersee er tre gonger olympisk meister, fire gonger verdsmeister og ho held den gjeldande verdsrekorden i sjukamp: 7291 poeng. Broren hennar Al Joyner var gift med den no avdøde sprintdronninga Florence Griffith-Joyner.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Jackie Joyner deltok i både sjukamp og lengdehopp i sitt fyrste OL i Los Angeles under sommar-OL 1984. I sjukamp vann ho sølv med 6385 poeng, fem poeng bak vinnaren Glynis Nunn frå Australia. Ho hoppa 6,77 meter i lengdehopptevlinga og enda her på ein femteplass. Broren hennar, Al Joyner, deltok i dei same leikane og vart olympisk meister i tresteg.

I 1986 gifte Jackie Joyner seg med trenaren sin, Bob Kersee. Året etter deltok ho i VM i friidrett i Roma. Den 13. august dette året hadde Joyner-Kersee delteke i ei hopptevling i Dresden og hoppa heile 7,45 meter der. Med det hadde ho den gjeldande verdrekorden medan VM i friidrett stod på. Ho tevla i både lengdehopp og sjukamp og presterte å bli verdsmeister i begge øvingane. Vinnarhoppet hennar i lengde kom på 7,36 meter, og i sjukamp fekk ho 7128 poeng.

1988 var året for sommar-OL 1988 i Seoul. Verdsrekorden i lengdehopp vart slått i juni dette året av sovjetiske Galina Tsjistjakova, som fortsatt held han. Men det vart Jackie Joyner-Kersee som vart olympisk meister i lengdehopp med eit vinnarhopp på 7,40 m. Tsjistjakova enda på bronseplass, rett bak austtyske Heike Drechsler. I sjukamptevlinga sette Joyner-Kersee den gjeldande verdsrekorden i sjukamp med 7291 poeng; sølvvinnaren Sabine John kom nesten 400 poeng bak.

1990-åra[endre | endre wikiteksten]

Under VM i friidrett 1991 i Tokyo forsvara Joyner-Kersee lengdehoppgullet frå Roma med eit hopp på 7,32 meter. I sjukamptevlinga greidde ho diverre ikkje å fullføra på 200 meter sprint, og vart dermed slått ut. Året etter deltok ho i begge øvingane under sommar-OL 1992 i Barcelona. I lengdehopp presterte ho 7,07 meter, noko som var nok til bronsemedalje bak vinnaren Heike Drechsler og Inessa Kravets. Ho vart endå ein gong olympisk meister i sjukamp med 7044 poeng.

Jackie Joyner-Kersee deltok også under VM i friidrett 1993 i Stuttgart, men berre i sjukamp. Til gjengjeld vart ho verdsmeister i øvinga for siste gong i karrieren, med 6837 poeng. Under sommar-OL 1996 i Atlanta hadde ho ein skade som gjorde at ho ikkje greidde å fullføra sprintløpa i sjukampen. I lengdehopptevlinga hoppa ho sju meter blank og fekk olympisk bronse.

Dei fire åra etter Atlanta-OL heldt Jackie Joyner-Kersee fram med både friidrett og korgball. I år 2000 bestemte ho seg for å trekkja seg tilbake.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]