Jamaica Farewell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jamaica Farewell
Song av Harry Belafonte
Utgjeve 1957
Sjanger Mento
Låtskrivar(ar) Irving Burgie

«Jamaica Farewell» er ei jamaicansk folkevise (mento[1]) om det gode livet på Jamaica som tek slutt.[2] Songen kom først ut på Harry Belafonte-albumet Calypso. Songen nådde 14. plassen på Billboard Pop-lista. Teksten til songen vart skriven av Lord Burgess (Irving Burgie), ein amerikanskfødd, halvt barbadisk låtskrivar.

Tittelen på songne finst ikkje i songteksten, men han nemner Jamaica, Kingston og at forteljaren i songen er på veg vekk.[2] Linja «ackee, rice, saltfish is nice» refererer til ein jamaikansk nasjonalrett, «ackee and saltfish» laga av frukta ackee og salta torsk, som ein kan eta med ein annan nasjonalrett, «rice and peas».

Sjølv om mange, inkludert Belafonte sjølv, har sagt at songen var populær i Karibia lenge før Burgess, trur ein at Burgess henta inn og laga om songen frå mange brokkar av folkeviser. Burgess har sjølv sagt at melodien er frå ein annan mentosong, «Iron Bar».[1]

The Kingston Trio, som leia folkevisebølgja seint i 1950-åra, tok namnet sitt frå at Kingston på Jamaica er nemnt i songen, men dei spelte sjølv først inn denne songen mange år seinare, i 2006.

Versjonar[endre | endre wikiteksten]

Mange artistar har spelt «Jamaica Farewell», mellom anna:

På andre språk[endre | endre wikiteksten]

Songen er blitt omsett til mange andre språk. Til dømes finst det fleire versjonar på bengali. Songen vart spelt inn med svensk tekst av Schytts som «Jamaica farväl» og denne vart ein hit på Svensktoppen i 1979.[3] Streaplers spelte inn ein annan svensk versjon av songen i 1967 kalla «Långt långt bort». Denne vart ein hit på Svensktoppen i 1968.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Larry Birnbaum (2013). Before Elvis: The Prehistory of Rock 'n' Roll. Lanham, Marryland: Scarecrow Press. s. 2024. ISBN 978-0-8108-8638-4. 
  2. 2,0 2,1 Songteksten ved janowick.net
  3. Svensktoppen 1979
  4. Svensktoppen 1968

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]