James Scott Skinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
James Scott Skinner
Fødd5. august 1843
FødestadBanchory
Død17. mars 1927 (83 år)
DødsstadAberdeen
OpphavStorbritannia
Instrumentfele, fiolin
Verka somdansar, komponist, felespelar
Gravsteinen til James Scott Skinner i Allanvale-gravlunden.

James Scott Skinner (5. august 184317. mars 1927) var ein skotsk dansmeister, fiolinist og komponist. Han er rekna som ein av dei mest innverknadsrike felespelarane i skotsk tradisjonsmusikk, og var kjend som «Strathspey King».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Skinner blei fødd i 1843 i Arbeadie i Banchory sokn i Aberdeenshire som den yngste av seks born. Far hans, William Skinner, var danselærar. Mor hans, Mary Skinner (født Agnew), kom opphavleg frå Strathdon. Faren døydde i 1845. Då mora gifta seg opp att sju år seinare, flytta Skinner til Aberdeen, der han budde saman med systera Annie og gjekk på Connell's School.[1]

Den eldre broren hans Alexander «Sandy» Forbes Skinner gav han musikalsk opplæring i fiolin og cello, og han byrja å spela på lokale dansar med den lokale fiolinisten Peter Milne.[1][2]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Skinner blei med i Dr Mark's Little Men, eit omreisande orkester. Dette omfatta seks år med intensiv øving i hovudkvarteret deira i Manchester, og turnering rundtom i Storbritannia. Orkesteret hadde ein konsert for dronning Victoria i Buckingham Palace den 10. februar 1858. Skinner tilskreiv sin eigen suksess til å ha møtt Charles Rougier i Manchester, som lærte han å spela musikk av Beethoven og andre klassiske meistrar. Til slutt tok han eit års danseopplæring frå William Scott. Skinner kunne no tena til livsopphald som dansemeister for området rundt Aberdeen.

I 1862 vann han ei sverddans-tevling på Irland. Året etter vann han ei strathspey- og reel-tevling i Inverness. Han utvida verkeområdet sitt gradvis til dronning Victoria fekk høyra om han. Ho bad han undervisa i kroppsøving (callisthenics) og dans til det kongelege hushaldet ved Balmoral. I 1868 hadde han 125 elevar der. Same året blei den fyrste samlinga av komposisjonane hans gjeven ut. I 1870 var han blitt gift. Skinner slo seg ned i Elgin. Han heldt fram som dansemeister og fiolinist i tolv år. Hand heldt virtuose konsertar, der adoptivdottera akkompagnerte han på piano. I 1881 blei kona hans alvorleg sjuk, og døydde nokre år seinare. Dei neste ti åra var han ikkje lenge nokon einskild stad. På 1880-talet gav han ut tre songsamlingar til. I 1893 turnerte han i USA med den kjende sekkepipespelaren og dansaren Willie MacLennan.

Etter at han var tilbake i Skottland, gav han nesten opp å dansa og konsentrerte seg om fela. I 1897 gifta han seg opp att, og skreiv nokre av dei beste verka sine. I 1899 gjorde han dei fyrste opptaka sine for fonografsylinder. I 1903 skreiv han ein av dei mest kjende melodiane sine, «Hector the Hero», ein klagesong for den skotske generalmajoren Hector MacDonald, ein ven av Skinner som tok livet av seg etter å ha blitt skulda for homoseksualitet. I 1904 gav Skinner ut The Harp & Claymore Collection, den største musikksamlinga hans, redigert av Gavin Greig.[3]

I perioden 1906-1909 levde han eit roleg liv i Monikie, men hadde så lite pengar at han ikkje hadde råd til å gje ut verka sine. Han sende manuskript til venene sine som kopierte dei og spelte dei for å opprette ein marknad. Desse handskrivne kopiane på baksida av konvoluttar og handsetlar er no i museum. Skinner brukte ofte ordet «geni» for å skildra seg sjølv. I 1909 flytta kona hans frå han til Rhodesia. Skinner heiv seg inn i ein ny runde av konsertturnear. Nokre av opptaka hans frå 1910 for Columbia i London er tilgjengelege på CD på Temple-merket. Desse omfattar tradisjonelle melodiar og hans eigne verk, og presenterer eit unikt vindauge til felespel på byrjinga av 1900-talet og truleg tilbake til 1850-talet.

I 1925 var han framleis på toppen av plakaten på fem turnéar i Storbritannia. Skinner tok del i ein reel- og jigkonkurranse i USA i 1926, men kom straks til usemje med pianisten, og gjekk av scenen utan å fullføra prøvestykka sine. Han døydde 17. mars 1927 utan å gje ei anna offentleg framføring. Skinner blei gravlagd i Aberdeen, der gravsteinen hans i marmor blei avdekka av sir Harry Lauder.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Over 600 av komposisjonane til Skinner blei gjevne ut. Blant dei mest kjende er «The Bonnie Lass of Bon Accord», «Cradle Song», «Bovaglie's Plaid», «The Music o' Spey» og «Hector the Hero». Han gjorde over 80 opptak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Biography – The Music of James Scott Skinner». University of Aberdeen. Henta 11 April 2021. 
  2. «J. Scott Skinner». Hands Up For Trad. Henta 11. april 2021. 
  3. Ballantyne, Pat The Harp & Claymore Collection Arkivert 19. juli 2011 ved Wayback Machine.. Henta 26. januar 2009
  • Alburger, Mary Anne (1983), Scottish Fiddlers And Their Music, Victor Gollancz Ltd., ISBN 0-575-03174-3.
  • Emmerson, George S. (1971), Rantin' Pipe And Tremblin' String, McGill-Queen's University Press, ISBN 0-7735-0116-9.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]