Jan Gulbrandsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan Gulbrandsen
Fødd 29. mai 1938
Oslo
Død

4. september 2007 (69 år)

Yrke politikar, friidrettsutøvar

Jan Erik Gulbrandsen (29. mai 19384. september 2007) var ein norsk organisasjons- og idrettsmann, fødd og død i Oslo. På friidrettsbana deltok han i hekkeløp og vart i tida 1957-64 norsk meister åtte gongar på 400 m hekk, samt tre gongar på 110 m hekk. Han var norsk rekordhaldar på 400 meter hekk frå 1958 til 1980. «Gulbrandsen var ein fighter av rang og avgjorde som regel jevne oppgjør til sin fordel».[1] Han var medlem av SK Vidar.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Gulbrandsen fekk sitt gjennombrot som 19-åring med gull og sølv i hekkeøvingane under noregsmeisterskapen i Bergen og debut på det norske friidrettslandslaget i ein landskamp mot Frankrike i Paris. NM-gullet på langhekken var det fyrste av åtte strake.

Den 2. august 1958 forbetra han i Trondheim den to år gamle norske rekorden på 400 meter hekk til 52,7 sekundar, fire tidels sekund betre enn Kai Sjøberg sin knapt to år rekord. Vel tre veker seinare tok Sjøberg tilbake noregsrekorden med eit løp på 52,6, men Gulbrandsen svarte allereie 11 dagar etter med 52,2 sekundar, begge desse løpa fann stad på Bislett stadion i Oslo. Både Sjøberg og Gulbrandsen deltok tidlegare i august månad i EM i friidrett 1958 i Stockholm, der dei vart slått ut i forsøka og enda på høvesvis 13. og delt 14. plass.

I juli 1959 tangerte Gulbrandsen sin eigen noregsrekord på langhekken, før han sommaren 1960 forbetra den to gongar med fjorten dagars mellomrom, fyrst til 52,0 og så til 51,6 sekundar då han 3. august i Oslo vann øvinga under landskampen Noreg-Italia-Japan, 0,1 sekund framom Salvatore Morale, europameister 1962. Ein liten månad seinare var Gulbrandsen på plass i Roma under dei olympiske leikane, der han vann sitt forsøksheat på 52,39 sekundar, hårfint framom den komande olympiameisteren, Glenn Davis frå USA. I semifinalane vart nordmannen slått ut, 52,56 sekundar heldt til ein 12. plass totalt. Gulbrandsen var også med i EM i friidrett 1962, utan at han makta ta seg vidare frå forsøket.

Under noregsmeisterskapen 1962 i Drammen gjorde Gulbrandsen sitt snøggaste løp på korthekken då han vann øvinga for tredje gong på rad, tid 14,5 sekundar. To år seinare forbetra han den norske rekorden på 400 meter hekk til 51,5 sekundar. Rekordløpet fann stad på Gjøvik 23. august 1964 og vart kopiert på Bislett stadion elleve dagar etter. Tida 51,5 var norsk rekord på langhekken til 1980.

Gulbrandsen deltok i 35 landskampar, i mange av dei som kaptein. Han vart i 1963 tildelt Norges Friidrettsforbunds høgste pris, Gullmedaljen. Frå 1973 til 1988 var han styremedlem i Norges olympiske komité, formann frå 1985.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1957: Gullmedalje på 400 m hekk – 54,4, og sølvmedalje på 110 m hekk – 15,0
  • 1958: Gullmedalje på 400 m hekk – 52,7, og sølvmedalje på 110 m hekk – 15,4
  • 1959: Gullmedalje på 400 m hekk – 53,0, og sølvmedalje på 110 m hekk – 14,7
  • 1960: Gullmedaljar på 400 m hekk – 52,8, og på 110 m hekk – 15,0
  • 1961: Gullmedaljar på 400 m hekk – 52,7, og på 110 m hekk – 15,0
  • 1962: Gullmedaljar på 400 m hekk – 52,5, og på 110 m hekk – 14,5
  • 1963: Gullmedalje på 400 m hekk – 53,1, og sølvmedalje på 110 m hekk – 15,0
  • 1964: Gullmedalje på 400 m hekk – 51,5, og sølvmedalje på 110 m hekk – 14,6
  • 1965: Sølvmedalje på 400 m hekk – 53,3, bak John Skjelvåg

Yrke[endre | endre wikiteksten]

Gulbrandsen var utdanna cand.mag. i realfag frå Universitetet i Oslo og hadde elles eksamen frå Statens gymnastikkskole. Frå 1968 til -73 var han avdelingsleiar ved Norges idrettshøgskole. Deretter var han underdirektør og direktør i Oslo Park og Idrett fram til 1984, bortsett frå ein periode, 1974-75, som statssekretær i Miljøverndepartementet i Regjeringa Bratteli II.[2] Han var så direktør i Norges Automobilforbund og til sist ved Beitostølen Helsesportsenter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Magnus Breili: Sport i navn & tall:266
  2. «Trygve Brattelis andre regjering». Regjeringa.no. Henta 11. oktober 2017. 
  • Magnus Breili: Sport i navn & tall. 1971
  • friidrett.no